Kafé: Bak denne glasfasaden blir det kafé om ein liten månad. Foto: Ole Ramshus Sælthun
Kafé: Bak denne glasfasaden blir det kafé om ein liten månad. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Flytter kafédrifta hit

Postaabneriet Pub & Café flytter sommarkaféen til "Tuben".

Lærdal: – Me håpar å opna i slutten av juni og tek sikte på å halda ope til ut september, seier styreleiar og dagleg leiar i Postaabneriet Pub & Café, Knut Opdal.

I "Tuben"

Borgundspuben, som den blir kalla på bygda, har tidlegare halde ope med matservering på dagtid i sommarsesongen, men sidan Tuftåstunnelen opna i 2008 og vegen vart lagd utom Steinklepp går ikkje gjennomgangstrafikken forbi puben og kaféen lenger. Mykje av kundegrunnlaget for kafédelen var vegfarande turistar. No vil dei altså plassera matserveringa rett ved E16 att, i bygget som husar Borgund Servicesenter.

– Dette er den delen av bygget som ligg mot sentrum med ein leikeplass utanfor, "Tuben" som me kallar det. Inne blir det ikkje snakk om sitjeplass til meir enn åtte-ti personar, så konseptet blir meir i retning av kiosk og gatekjøken med mat dei vegfarande kan ta med i bilen. Elles er det fint uteområde der, fortel Opdal.

– Kva kjem til å stå på menyen?

– Det er ikkje heilt spikra enno. Me er i kontakt med ulike grossistar. I år prøver me oss fram og hoppar litt i det, me må få litt røynsle med kva som er høvelege opningstider, og så vidare. 

Driftar: Det er kafédelen på Postaabneriet Pub & Café som skal flyttast og få nytt konsept. Pubdelen blir verande i dette bygget.
Driftar: Det er kafédelen på Postaabneriet Pub & Café som skal flyttast og få nytt konsept. Pubdelen blir verande i dette bygget.

Sjølv om det i praksis blir eit nytt konsept i nye lokasjonar, er det altså Postaabneriet Pub & Café som står bak og skal drifta kaféen. Pubdelen vil halda fram som før i lokala på Steinklepp og halda ope kvar helg.

Formannskapet vedtok å gje tilskot på 64 000 kroner frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet til oppstart av kaféen på sist møte - som tilrådd frå Lærdal Næringsutvikling. I følgje Opdal søkte dei om vel 150 000 kroner.

– Det er ikkje eit problem at de fekk ein del mindre enn de søkte om?

– Me gjer det mest mogleg dugnadsbasert og har aldri teke ut fem flate ører av drifta.

 

  

Til toppen