Historikar og forfattar Aud Farstad har brukt nesten tre tiår til å samle stoff om distriktsjordmødrene. No er det kome mellom to permar. Foto: Peder Farstad.
Historikar og forfattar Aud Farstad har brukt nesten tre tiår til å samle stoff om distriktsjordmødrene. No er det kome mellom to permar. Foto: Peder Farstad.

Fødselshjelparane i utkantstrøka

  • Endret

«På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie» av historikar og forfattar Aud Farstad tek føre seg perioden frå 1784 då det kom i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane tilsette jordmødrer.

Vi blir i boka kjende med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei i det krevjande og livgjevande yrket deira. Dette er samstundes ei forteljing om eit land i utvikling.

Arbeidsvilkåra

– Sjølv om distriktsjordmødrene aldri har vore gløymde, og dei har hatt ei høg stjerne på bygdene over heile landet, er det likevel mykje som ikkje er kjent om arbeidsvilkåra deira. Eg har lagt vekt på å teikne eit breitt bilde av arbeidstilhøva og livsvilkåra i det samfunnet som jordmødrene arbeidde i, seier Aud Farstad.

Ho har brukt Møre og Romsdal som grunnkjelde for boka si. Det var nemleg Romsdals amt som var først til å få i stand ei offentleg finansiert jordmorteneste på bygda her i landet – allereie i 1784. Gjennom heile 1800-talet var dei det fylket som utdanna flest jordmødrer ved å gi tilskot til utdanninga.

Noreg sett under eitt var jordmoryrket det første formelle yrket som var ope for kvinner. Jordmorskulen starta i 1818 i Kristiania og var den første formelle utdanninga for kvinner i Noreg. Til samanlikning var det ikkje før i 1882 at kvinner fekk rett til å ta examen artium, og sjukepleiarar vart ikkje vanleg før på slutten av 1800-talet.

Artikkelen held fram under bilete.

Frå ei fødestove i 1945 med jordmødrer, barnepleiarar, sjukepleiarar og små verdsborgarar. Foto frå boka: Kristian Almås.
Frå ei fødestove i 1945 med jordmødrer, barnepleiarar, sjukepleiarar og små verdsborgarar. Foto frå boka: Kristian Almås.

Hjelpekoner

Det har alltid vore kvinner som har hjelpt andre kvinner i barsel. Etter gammal norsk rett var det ei plikt for gifte kvinner å hjelpe medsøstrer som skulle føde, og den hjelpa skulle vare til barnet var lagt til brystet. Nokre kvinner viste seg spesielt dyktige og vart difor tilkalla oftare enn andre.

Gjennom tidene og i ulike dialektar har det vore mange namn på kvinna som hjelpte den fødande. Det eldste ordet for jordmor i Noreg er truleg bjargrýgr, som tyder hjelpekone. Etter kvart vart «nærkone» eller «hjelpekone» brukt om dei som var ufaglærte, medan «jordmor» vart brukt om dei som var jordmorskuleutdanna. Men slik var ikkje skiljet i byrjinga. Frå 1500-talet av vart «jordmor» brukt i lovverket som namn på den kvinna som hjelpte til ved ein fødsel.

Fødsel blir vitskap

Amtmannen i Romsdal fekk i 1784 løyve frå kongen til å tilsetje ein distriktsdokter som kunne lære opp kvinner i «JordModer kunsten».

Desse kvinnene måtte kunne lese og helst også skrive. Dei skulle ikkje vere over 40 år, men gjerne vere enkjer og helst slike som sjølv hadde fødd. Det gjorde ingenting om dei var einslege mødrer. Dei skulle vere sunne og friske og ikkje ha ein slik utsjånad at dei var skremmande for dei fødande. Dessutan måtte dei ha god moralsk vandel. Dei skulle ikkje vere overtruiske, eigensindige, trettekjære, drikkfeldige eller drive med kvakksalveri eller baksnakking, men vere kjende for «medlidenhed, sædelighed, taushed og mod».

– I starten var det ikkje alltid lett å bli godteken som medisinsk utdanna handverkar som skulle ha betaling på eit felt som sidan Evas tid hadde vore gratis nabohjelp. Men bygdefolket såg etter kvart at jordmødrene kunne gjere ein forskjell på liv og død, seier Farstad.

Plikt i storm og stille

 Historia til distriktsjordmødrene gjennom 200 år.
 Historia til distriktsjordmødrene gjennom 200 år.

I boka følgjer vi nokre jordmødrer frå oppveksten deira til dei avsluttar gjerninga si. Det var kvinner av folket, mange bondedøtrer, som var dei første utdanna kvinnene i Noreg. Dei kom frå alle utkantar i landet og vart pionerar på mange felt. På 1900-talet var dei ofte dei første kvinnelege folkevalde i kommunestyra. Saman med distriktslegane representerer dei starten på eit offentleg helsestell og med dette kimen til velferdsstaten

.

– Distriktsjordmødrene sitt liv og virke var rikt på drama og utfordringar. Dei hadde plikt til å dra når dei vart kalla. Reisevegen var ofte lang, ikkje sjeldan farefull og oftast fysisk krevjande. Når dei kom fram til fødekvinna, stod dei framfor ei endå større utfordring der to liv og ein heil familie si velferd stod på spel. Ikkje alle klarte det, men mange utførte bragder som redda liv. Distriktsjordmødrene hadde eit hardt yrke, både fysisk og psykisk. Gjennom 200 år skjer det ei rivande utvikling både for yrkesgruppa og på alle andre samfunnsområde. Det er nesten vanskeleg å forstå i dag, seier historikar Aud Farstad. 

Til toppen