REDELEG: Rupejakta i dei ulike terrenga rundt om på Filefjell har gått føre seg i lovlege former i år etter mykje fokus då tre tjuvjegerar vart «ferska» i fjor. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
REDELEG: Rupejakta i dei ulike terrenga rundt om på Filefjell har gått føre seg i lovlege former i år etter mykje fokus då tre tjuvjegerar vart «ferska» i fjor. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Fokuset på tjuvjakt har gitt resultat

Etter at tre tjuvjegerar vart tekne på fersk gjerning då dei dreiv ulovleg jakt på Filefjell i fjor, har årets jakt i området gått svært lovleg for seg.

Vang/Årdal/Lærdal: – Det har gitt meget, meget bra resultat. Tjuvjakt har vore eit veldig stort problem i jaktterrenga rundt om på Filefjell. Me har jobba i fleire år for å motverka dette med oppsyn, men det er først no etter fokuset som vart sett på dette i fjor at me ser resultat, seier Torstein Grøv i Bø og Grøvstølen sameige.

Det var i septemeber i fjor at to menn i 40-åra og ein i 60-åra var på rypejakt utan løyve frå grunneigar. Dei vart melde for tjuvjakta til politiet.

Les også: Tok tjuvjegerar på fersken

Grøv føler seg sikker på at det er mediefokuset som har gitt resultat.

– Vart mykje omsnakka

– Det stod om tjuvjakta både på Porten.no og i avisa Valdres, lenkje til saka på Porten.no vart også sendt til hytteeigarar. Så dette vart mykje omsnakka, og me har i år ikkje fått nokre tilbakemeldingar om uregelmessigheiter frå grunneigarane - det er første gong på mange år.

– Du trur det er eit resultat av fokuset, ikkje berre tilfeldig?

– Ja, for i fjor var det veldig mykje skriving om eit dårleg rypeår. Det hjelpte ikkje, for me hadde fleire tilfelle der folk forsøkte å tileigna seg jakt enn dei tre som vart tekne. Så det må vera fokuset som er grunnen, eg kan ikkje skjønna kva anna det skulle vera.

– Tolkar allemannsretten som dei vil

Grøv fortel om ei bra rypejakt i år i høve fjoråret.  

– Eit normalt år att, vil eg seia. Nedover i Valdres skryt dei av god jakt. 

– Og då håpar du vel den gode trenden med fråvêr av tjuvjakt held fram?

– Ja, ikkje berre for vår del, men for alle. Eg håpar det gir meir respekt frå annan manns grunn. Me ser det finst døme på folk som skaffar seg fuglehundar, tek jegerprøven og har litt haldninga "Da jakter vi bare, da". Så nokre tolkar allemannsretten som dei vil.

Grøv fortel også at politisaka mot dei tre tjuvjegerande vart lagt bort. Grunneigarane anka, anken vart teken til følgje, men så lagt bort att.

– Det hadde me for så vidt venta - politiet skulda på ressursar. Men det er ikkje så nøye for oss ettersom fokuset på tjuvjakt gir effekt. Dei tre har ikkje vore på jakt oppi der i år.

Til toppen