Føler dei seg overvaka?

Føler dei seg overvaka?

Elektroniske bjøller på sau er til stor nytte for bonden, og interessa er stadig aukande. 

– Det er stor interesse, og berre i 2016 var det gjeve midlar til å kjøpe inn 650 slike bjøller. Interessa har også vore stor tidlegare år. Om sauene som går med desse bjøllene føler seg overvaka, veit vi ikkje, men vi veit at bjøllene er til stor nytte for bonden, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider.

Elektroniske bjøller sender signal til bonden slik at han veit nøyaktig kor dyra er. Dette lettar tilsynet, gjev informasjon om vandremønster og sender melding om dyra vert liggande i ro over tid.

Mange fordeler

– Sporingsbjøllene er gjerne mest aktuelle i sauehaldet, men dei kan brukast til alle husdyrslag, også storfe og hest, heiter det vidare.

Fylkesmannen gjev tilskot til å dekke deler av kostnaden av radio- og e-bjøller gjennom ordninga «Tilskot til tiltak i beiteområde». Nokre av fordelene med bjøllene er:

  • enklare tilsyn og sanking (svært tidsparande)
  • raskt å finne kadaver og få varsla rovviltkontakt
  • oppdage og berge dyr som står skårfast
  • ny og auka kunnskap om beitemønsteret til dyra
  • målretta sanking etter hovudjaget (svært tidsparande)
  • automatisk varsling om død sau – kan spare mykje leitearbeid etter daude dyr
  • oppdage dyr som er på veg ut av beiteområdet
  • varsel om unormal oppførsel/lite rørsle (viktig å finna dyra raskt med tanke på sjukdom/skårfast/rovdyr)
  • kan redde livet til enkeltindivid som blir funne i tide
  • kan gje lågare lammetap 
Til toppen