ROBEK: Kva som er årsaker til at ein kommune havnar på Robek og korleis kommunen skal halde seg unna registeret var blant tema som politikarar og tilsette i administrasjonen i Lærdal kommune fekk gjennomgang i av KS. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ROBEK: Kva som er årsaker til at ein kommune havnar på Robek og korleis kommunen skal halde seg unna registeret var blant tema som politikarar og tilsette i administrasjonen i Lærdal kommune fekk gjennomgang i av KS. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Føler det er eit handlingsrom i økonomien

Dei hadde ei kjensle på det frå før, men under Robek-seminaret vart Jan Geir Solheim (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) endå sikrare på at det er pengar å spare i kommuneøkonomien.

Lærdal: Måndag var politikarar og tilsette i administrasjonen i Lærdal kommune samla i kulturhuset, der tema var Robek og korleis kommunen må jobbe for ikkje å havne på denne lista igjen.

Sjølv om det på enkelte område, som til dømes helse og omsorg, viste utfordringar, sit både Solheim og Lysne att med ei kjensle av at dette kan ordnast.

– Eg føler me har eit handlingsrom. Me har høge inntekter, og me er ganske rike i Lærdal. Så har me høge gjeldsbelastningar på grunn av høge investeringar, men me kan redda kommunen med å gjera dei rette grepa innanfor drift, seier Solheim.

Naudsynte investeringar

Både han og Lysne var skjønt einige om at gjelda er ein konekvens av naudsynte investeringar i skule og barnehage.

Les også: – Ute av Robek

– Me kan ikkje seia at det berre er negativt. Kommunen har gjort ein del tunge investeringar som måtte til. Dei måtte koma på eit eller anna tidspunkt. Den betraktningen må me ha i det at me har knytt opp ein del av fridomen vår, seier Ap-politikaren.

Også eigedomsmasse trekk dei begge fram som eit område kommunen kan spare store summar på.

Les også: Sal av bygningsmasse

På seminaret gjekk Geir Halstensen og Anne-Bjørn Aspheim, begge spesialrådgjevarar i KS, blant anna gjennom typiske årsaker til at kommunar enda opp i Robek-registeret.

Manglar økonomisk kompetanse

Der peika dei på reduksjon i folketal som ei typisk årsak. Det same er opplevd dårleg styring og rapportering, som igjen gjev dårlege beslutningsgrunnlag for politikarar, som igjen gjev utydelege mål til politisk vedtak. Gjentatte gonger vart det sagt at dette var tung matematikk. 

– Kommunepolitikarar manglar kompetanse på kommunale rekneskap og økonomistyring. Utan god opplæring er det vanskeleg å stille gode spørsmål og få gode svar, er noko Aspheim dreg fram.

Les også: Årdal deltek i utviklingsnettverk

– Partipolitiske omsyn for dominera, der å leggja fram upopulære forslag rett før eit val ikkje er noko sjakktrekk. 

Politisk vegring

Ho fortel at det er ei utfordring dersom ein i formannskapet fremja partipolitikk viss ein ikkje veit om det går gjennom i kommunestyret, og at fordi det er politisk vegring får parti- og fraksjonspolitikk dominere.

– Eg høyrte dette vart sagt, og svaret er ikkje så enkelt, svarer Solheim.

– Som alle kommunar med høge inntekter, har me blitt vande med eit nivå. Det kan nesten samanliknast med ei form for luksusfelle. Me har høgare inntekter enn andre og brukar alle pengane me får.

Vil ha tilbake utvalsmodellen

Ut frå det han fekk sjå av statistikk og tal, var uansett klar:

– Det er ein del ting som slår meg. Me er einige både administrativt og politisk at me driv for dyrt. Så må du inn med nokre minusar, og då får du ein samla sum på kor mykje me kan spara. I den førre økonomiplanen var me einige om å spara 10-15 millionar. Det eg har sett i dag gjev oss det svaret.

Men sjølv om ein kanskje veit svaret på kva område ein kan henta pengar, betyr ikkje det at ikkje kan diskutera dei politisk likevel, meiner Lysne, som ønskjer å få inn att utvalsmodellen.

– Då får me involvert politikarar meir på eit lågare nivå. Kanskje finn me variantar av dette, seier han, men møtte motbør frå Solheim som då fryktar for sektortenkjande politikarar.

Til toppen