VIL HALDE FRAM: Ivan Øy ønskjer å halde fram med det han har starta i Årdal og er for tida i samtalar med klubben om ein ny kontrakt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VIL HALDE FRAM: Ivan Øy ønskjer å halde fram med det han har starta i Årdal og er for tida i samtalar med klubben om ein ny kontrakt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Føler det er ting ein kan byggje vidare på

Ivan Øy og Årdal framleis i samtalar om ny kontrakt.

Årdal: Ivan Øy er på utgåande kontrakt etter tre år på sidelinja for Årdal. Han fortel til Porten.no at det for tida vert jobba med å få på plass ein ny avtale og at det pågår samtalar.

– Me er i samtalar om tida vidare, der me set oss ned og blir einige om korleis me vil ha det i framtida, seier Øy.

– Ut frå den sesongen me har hatt så føler ein at det er ting ein kan byggja vidare på. Lysta er der. Det me skal snakka om er vegen vidare. Eg vil at ting skal planleggjast meir enn eitt år fram i tid.

Sterk haustsesong

Etter det som snilt kan skildrast som ein tøff vårsesong, tok laget hans store steg i haust og viste kva som verkeleg bur i dei med berre to tap på 13 kampar. God planlegging i sommar bidrog til det. 

Artikkelen held fram under biletet.

TOPPSCORAR: Truls Hovland var ein viktig bidragsytar i laget og vart toppscorar med 13 mål. Nyleg vart han kåra årets spelar saman med Eirik Rode.
TOPPSCORAR: Truls Hovland var ein viktig bidragsytar i laget og vart toppscorar med 13 mål. Nyleg vart han kåra årets spelar saman med Eirik Rode.

Les også: Segla galant ut av sesongen

– Det er slik at spelarane har ulike føresetnader til å bidra med tanke på jobb, skule og familie. Det handlar om å kartleggja dei tinga slik at me har noko meir fast å forholde oss til. Det er akkurat dei tinga vårsesongen bar mykje preg av med litt for mykje slump.

– Me gjorde ein ganske stor jobb i sommar med å laga avtalar med spelarar og slike ting om korleis hausten skulle bli, og då såg me at ting fungerte mykje betre, argumenterer Øy.

Beste plassering

I vårsesongen måtte årdølene vente heilt til 30. mai før første siger kom. Det er i sterk kontrast til haustsesongen, der dei blant anna gjekk ni kampar utan tap. Det som likevel såg ut til å bli ein kamp for å unngå nedrykk ei stund, gav til slutt ein finfin 8. plass, som er Øys beste plassering på dei tre åra.

Artikkelen held fram under biletet.

BESTE TABELLPLASSERING: Med ein 8. plass og 38 poeng var dette den klart beste plasseringa til Årdal sidan Øy tok over etter Nils Tore Krosshaug i 2012. Det året førte Krosshaug laget til ein 6. plass.
BESTE TABELLPLASSERING: Med ein 8. plass og 38 poeng var dette den klart beste plasseringa til Årdal sidan Øy tok over etter Nils Tore Krosshaug i 2012. Det året førte Krosshaug laget til ein 6. plass.

Les også: På denne tabellen ligg Årdal heilt i toppen

Frå før har han ein 9. plass med Årdal i 2013 og 10. plass i 2014, der alt vart avgjort i siste kamp mot Tornado Måløy. Forskjellen er at årets Årdal-utgåve har teke drøye ti poeng meir enn laget gjorde dei to åra før. 

I tillegg gjenstår det å sjå om sentrale styresmakter i Fotballforbundet lyttar til ønsket om å bytte avdeling. Ifølgje klubbens heimeside har dei reist 8083,9 kilometer denne sesongen opp og ned til Møre. Dette har dei også fått sympati for hjå Brattvåg. 

Mykje reise

Etter fjorårssesongen gav til dømes Preben Strypet seg på grunn av dei lange reisene som gjorde det vanskeleg å kombinere fotballen med familie og jobb. Slik er det for fleire, og dersom Årdal får spele i ei austlandsavdeling i staden, vil nok dette gjera ting lettare, konkluderer Ivan Øy.

Les også: Full pott på krøllgraset

Førebels er det berre Robin Moheim som har gitt beskjed om at han ikkje er med, og ifølgje Øy er det opp til spissen om han vil byrja på igjen. 

– Elles er det ein dei tinga me må sjå på av spelarar me har knytt til oss utanbygdsfrå, som Ørjan Skilbrei og Eirik Rode. Eg likar helst å ha ting på stell. Det blir mykje ekstraarbeid om me skal ta ting etter kvart.

Til toppen