Årdal: – Det har vel først og fremst med ambisjonsnivået å gjera; eg har litt høgare ambisjonar. Og eg trur det er eit litt betre treningsmiljø i Silkeborg – og at trenaren passar litt betre til meg. Det er heile pakka, eigentleg.
Det seier Hege Bakken Wahlquist til Porten.no om at ho valde å gå frå TTH Holstebro til Silkeborg i danske Primo Tours liga.
Les også: Hege sluttar i Holstebru
– No spelte me kvallikkampar om å rykkja ned, medan eg i Silkeborg er på eit lag som forhåpenlegvis kjempar litt meir i toppen. Så eg gler meg til det, held ho fram.
Artikkelen held fram under biletet

– Burde kanskje ha undersøkt litt meir
Før 2016/2017-sesongen gjekk handballyndlingen frå Årdal til Danmark og altså TTH Holstebro etter å ha spelt på Glassverket sidan 2013.
Overgangen vart tøff, på sitt vis.
– Kvar kamp me vann denne sesongen var ein opptur, og det var vel tre me vann. I Glassverket vann me jo kvar kamp nesten, så det vart litt stor skilnad. Eg burde kanskje ha undersøkt litt meir før klubbskiftet, men det føler eg at eg har gjort no.
Silkeborg kom til sluttspelet i Primo Tours Liga i 2016/2017-sesongen, og rauk der ut i kvartfinalen etter to tap på tre kampar mot København, som til slutt vann sluttspelet i ligaen. Såleis ligg det an til at årdalsjenta blir tøffare matcha i sin nye klubb.
Utan at ho tykkjer året i TTH Holstebro har vore vekkasta.
– Det skal TTH ha at me har hatt god tid til å utvikla oss som individuelle spelarar. Eg føler særskild eg har utvida skotreportoaret mitt. Og generelt handballforståinga. Så føler eg at eg har fått utvikla meg litt på det psykiske, for laga er så mykje tettare i Danmark – det er ingen kampar der ein på førehand tenkjer at denne kampen vinn me eller denne kampen tapar me.
– Du har spelt på rekruttlandslaget og kjempar om plass på sjølve landslaget. Er du nærare eller lengre frå landslagsplass no enn du var i fjor sommar, meiner du sjølv?
– Eg føler eg er nærare. Og akkurat no er det vel tre som er skadde blant dei som er aktuelle på venstrekanten, men så er jo eg ein av dei. Så no hadde det jo kanskje vore ein moglegheit å kome inn. Då er det litt irriterande å vera skadd. Men ein veit jo aldri, det kan fort snu.
– Veldig stort og utruleg kult
Samstundes har kjærast og sambuar Torbjørn Bergerud kome som ein komet på keeperplass for det norske herrelandslaget. Under VM i Frankrike i januar vart han etter kvart føretrekt som sisteskanse, og stod truleg for den største sportsaugneblinken i norsk idrett anno 2016 då han redda eit straffekast frå Kroatia i semifinalens siste sekund – om det hadde vorte mål ville Noreg ha ryke ut, men ettersom Bergerud redda vart det ekstraomgangar.
Ekstraomgangane vann Noreg, som dermed kom seg til finalen mot Frankrike. Det vart tap, men at Bergerud spelte ei stor rolle for å sikra eit historisk VM-sølv er det lite tvil om
– Det er litt rart å tenkja på. I desember var det ikkje så mange som visste kven eg var. Å få eit slikt meisterskap i januar og setja ein liten historisk augneblink i idretts-Noreg var veldig stort og utruleg kult. Eg har lyst til å koma med fleire slike augneblink om eg får høve.
Artikkelen held fram under biletet

Bergerud har spelt på herrelaget til Holstebro, som kom til sluttspelet i 888ligaen i 2016/2017-sesongen, der dei vart slegne ut i innleiande runde med minst moglege margin.
Bergerud held fram på Holstebro og han og Bakken Wahlquist blir buande i byen.
– No har eg to år til i Holstebro, så får me sjå sjå kva som skjer. Den danske ligaen er ein veldig fin liga, både sportsleg sett og med tanke på at det ikkje er så lang reiseveg til bortekamp. Eit veldig fint mellomsteg om ein skal tenkja på å koma vidare til til dømes den franske ligaen, som nok er litt betre. Eller den tyske bundesligaen som kanskje er verdas tøffaste liga.
Viar ferien til årdalsnaturen og avslapping
Noreg har også kvalifisert seg til EM til vinteren på herresida, der det skal mykje til om Bergerud ikkje er i troppen.
– Først og fremst er me eit team på tre keeperar som skal samarbeida, så får me sjå kven to som står flest kampar. Alle har lyst til å spela, eg har lyst til å stå heile tida. men det viktigaste er å vinna kampar, og då skal den eller dei som er best på det tidspunktet stå.
Denne veka har paret feriert i Årdal og mellom anna vore trenarar på ein handballdag IL Jotun arrangerte for 12-16-åringar.
Les også: – Eg tykte dei var skikkeleg flinke
Les også: – Eg såg kjapt at ho har potensiale
Artikkelen held fram under biletet

Elles blir ferien via til årdalsnaturen og avslapping:
– Me skal gå litt turar, slappa av og trena litt – utnytta det gode vêret som er, seier Bakken Wahlquist.
– Me får jo sett litt natur som me ikkje får sett så mykje til i Danmark, seier Bergerud.