GLER SEG: Morten Abel har seld hundretusenvis av plater og mottatt Spellemann Ærespris. Laurdag står han på scena på Bakeriet, noko han gler seg stort til. Foto: Pressefoto. 
GLER SEG: Morten Abel har seld hundretusenvis av plater og mottatt Spellemann Ærespris. Laurdag står han på scena på Bakeriet, noko han gler seg stort til. Foto: Pressefoto. 

– Føler eg har ei historie i Årdal 

Morten Abel gler seg til å stå på ei ordentleg rockescene på Bakeriet.

Årdal: Laurdag kjem ein av Noregs største artistar til Årdal for å presentere det nye albumet «I fullt alvor». 

– Eg gler meg utruleg mykje. Me byrjar jo turneen på torsdag i Ørsta. Dette blir ei innkøyring, der me kan tillate oss å invitere publikum med for korleis me skal leggja oss for resten av turneen. Det blir veldig gøy, seier han til Porten.no.

Abel har ei fantastisk og over 30 år lang karriere å sjå tilbake på. Frå starten med Mods 80-talet, vidare til suksess med The September When på 90-talet, krona med enorm suksess som soloartist gjennom 2000-talet.

– Fantastisk å vera på turné

Laurdag entrar han altså scena på den forholdsvis ferske rockescena på Bakeriet. Sjølv ser han fram til å vere tilbake på vegen.

– Det er fantastisk eigentleg. Me har spelt litt i sommar på festivalar, men det er noko med å få ditt eige publikum i eigen sal og scene. Det er ei eiga and over det. Det blir meir personleg og ikkje så travelt.

– Det som er bra med slikt er at folk kjem for å høyra på din musikk og dine låtar. Då kan ein tillata seg å spela ting som er litt utanfor, seier han.

Ei god kjensle

Det er først og fremst albumet som vart slept i mars han skal presentere laurdag på ein brei og fin måte. 

– Men så har me ein katalog me kan ta av. Me skal prøva å laga ein festkveld. Me vil at folk skal gå heim med ei god kjensle av at dei har brukt tida på noko meiningsfullt og med eit hjarte fullt av glede. Det er ei stor oppgåve som me tar på alvor.

Har ei historie i Årdal

Dette er langt frå første gongen Morten Abel skal rocka mellom fjella inst i Sognefjorden. På spørsmåla om korleis forholdet hans er til Årdal kjem det konstant:

– AORDAL, AORDAL! Eg har spelt der mange gonger. Heilt sidan Mods-tida har me spelt mykje oppover Vestlandet og i Sogn og Fjordane. No merkar me at desse rockeklubbane som Bakeriet er på veg tilbake, seier han.

– Det var ein periode det var veldig stille med få student-rockeklubbar. Det har vore veldig mykje kulturhus, og det har sin sjarm, men det er noko eige ved å spela på ein rockeklubb. Eg set pris på at me har høve til å reisa innom stader som ikkje berre er dei største byane og i kulturhus. Eg føler eg har ei historie i Årdal.

Til toppen