GODE SJANSAR: Lars Christian Kjemhus og Sogndal hadde fleire gode sjansar til ryste serieleiar Rosenborg, men klarte ikkje å lure ballen i mål bak Arild Østbø. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

– Føler ikkje at det er ein 0-3-kamp

Det stod til slutt 3-0 på måltavla då Rosenborg gjesta Sogndal, men både Eirik Bakke og Bendik Bye føler resultatet lyg litt.

Sogndal: Der Sogndal traff stolpen eller ikkje var presise nok i avslutninga, var Rosenborg effektive føre mål då dei gjesta Fosshaugane Campus laurdag ettermiddag. 

Mål frå Milan Jevtovic, Fredrik Midtsjø og Matthias Vilhjalmsson blei til slutt det som skilte laga, men det kunne fort ha sett annleis ut. For på 2-0 hadde Sogndal både stolpetreff og ein stor sjanse då Lars Christian Kjemhus sitt innlegg gjekk like bak Bendik Bye.

– Det var tett og jamnt, men dei tar betre vare på sjanse sine enn det me gjer. Kort oppsummert, oppsummerer sistnemnde til Porten.no.

– Me føler ikkje at det er ein 3-0-kamp. Hadde me fått eit mål på 2-0, ville det blitt litt av eit køyr på slutten der. Men i staden for 2-1, blir det 3-0. 

Enkle mål imot

Det oppfatninga sit også Sogndal-trenar Eirik Bakke med. Sjølv om Jevtovic si scoring er av det betre slaget, kunne forsvarsspelet ha vore betre på alle måla.

– Det er alltid sånn med mål at det er godt angrepsspel og dårleg forsvarsspel. Det må me læra av. Det er mange unggutar utpå her, så då må me gå gjennom situasjonane med dei og sjå på kva ein kan lære av dei. 2-0-målet er enkelt, og 3-0 kjem fordi me gambla litt mot slutten. Då er Rosenborg effektive, og difor er dei det beste laget i Noreg, seier Bakke.

– Kunne sett verre ut

Sogndal-trenaren ser på ingen måte heilsvart på resultatet. Sogndølene tek ferie med 20 poeng i banken. Det er bra når ein tenkjer over skadene dei har slitt med. Difor er han oppteken av å sjå på det som ligg bak resultatet.

– Dette må me læra av. Me må setja sjansane mot eit lag som Rosenborg, men det som er bra med denne gjengen er at dei aldri gir opp. Me forsøkte å koma til sjansar, så me er litt skuffa.

– Samstundes må me tenkja på situasjonen me har vore i. Me har 20 poeng, og det kunne fort ha sett verre ut. Me kunne ha lege endå lengre bak med tanke på skadeproblema me har hatt. For oss er det tre tapte poeng, men resultatet lyg litt når ein ser på sjansestatistikken. Eg sa til karane at dei må halde hovudet oppe. Med fullt lag trur eg me kunna ha rysta Rosenborg meir, seier Bakke. 

No ventar nokre dagar ferie for Bakke og spelarane. Allereie 6. august er det full rulle att. Då går turen til Skagerak Arena og Odd. 

Til toppen