TO NYE ÅR: Øystein Lindesteg Rinde frå Lærdal held fram som kaupangertrenar og har teikna ein toårskontrakt med klubben. Arkivfoto
TO NYE ÅR: Øystein Lindesteg Rinde frå Lærdal held fram som kaupangertrenar og har teikna ein toårskontrakt med klubben. Arkivfoto

– Føler ikkje eg er ferdig med å utvikla laget

Øystein Lindesteg Rinde held fram som kaupangertrenar i to år og håpar han kan føra laget opp i 1.divisjon.

Kaupanger: – Eg vil vidareføra det me har byrja på og føler ikkje at eg ferdig å utvikla laget. Me har eit mål om å koma opp i 1. divisjon, og det meiner eg me har moglegheit til. Det er eit spennande prosjekt.

Lærdølen var svært nær ved å ta kaupangerdamene til 1.divisjon denne sesongen, men tapet mot Hinna i siste kamp gjorde at draumen brast på målstreken.

Les også: Kaupanger tapte seriefinalen: – Det er bittert

Han fortel forhandlingane om å halda fram som trenar gjekk rimeleg kjapt og at han og klubben vart einige fort.

– Hjelp ikkje å berre prata om spelestil

No håpar Lindesteg Rinde erfaringa han har fått dei to åra han har leia laget skal gjera opprykk enno meir aktuelt komande sesong: 

– Me kjenner motstandarane betre og all erfaring er bra. Fotball handlar mykje om val i «nuet» - det er vanskeleg å planleggja alt. Samstundes er det berre så langt ein kjem med tilfeldigheiter, ein bør ha ein plan og ein retning i botnen og jobba for å betra sin eigen spelestil. 

– Og kva er spelestilen?

– Tidlegare var det mykje langballar og defensive haldningar. No vil me bruka ballen, spela oss ut bakifrå og utnytta mellomromma. I kampane våre har me mykje ball. Det kan verka litt romantisk og det viktigaste er så klart å vinna fotballkampar. Men eg meiner altså ein kjem lenger med sin eigen stil og at stilen er noko eige.

– Kritikarane meinte også Per Mathias Høgmo køyrde ein for romantisk stil på landslaget, og han lukkast jo ikkje i stor grad med det?

– Det hjelp ikkje å berre prata om det, ein må få det ut i praksis. Me vann trass alt tolv kampar på rappen sesongen som var, og det er jo ikkje så aller verst. Noko fungerer, i alle fall.

Reknar Hinna og Fyllingsdalen som dei sterkaste motstandarane

Ettersom nemnde Hinna tapte kampane i den avsluttande kvalifiseringa til 1.divisjonsspel er siddisane etter alt å døma laget Kaupanger kjem til å kniva hardast om opprykk med. Pluss Fyllingsdalen.

– Dei fall rett nok litt av lasset no i haust, men vann avdelinga året før. Fysisk ser dei også ut til å vera av dei sterkaste laga. Det har vorte slik at heimelaget alltid vinn i oppgjera mellom dei sterkaste i avdelingen, så bortekampane mot dei er ein nøkkjel.

På spelarfronten henta Kaupanger fire unge spelarar frå Syril for ein månads tid sidan, elles er det ikkje noko nytt her førebels.

Les også: Håpar å stilla med eit enno sterkare lag

Lindesteg Rinde er også klar på at godt samarbeid med den vidaregåande skulen, treningssenteret og Bedriftshelse1 i Sogndal pluss kretsen gjer at han har stor tru på vidareutvikling av klubben

–  Det er mange gode prossessar og gode dialogar - det er der utvikling startar.

Til toppen