Følg Lerum Cup direkte frå standplass

Følg Lerum Cup direkte frå standplass

Porten.no sender direkte frå standplass på Knipenborg.

Årdal: Måndag startar Lerum Cup i Indre Sogn. Dette er det tredje største skytestemne i Norge. med rekordstor påmelding i år. Vel 780 skyttarar besøker Årdal i løpet av helga.

Dette kan du følgje direkte frå standplass på Knipenborg. Porten.no sender direkte.

– Dette er første gongen me sender frå eit skytestemne, så me gjer det enkelt etter arrangøren sitt ønske med kamera på standplass. Dette kombinert med teknologi dei allereie har, gjer at sjåarar kan sitja foran datamaskina eller på nettbrett og mobil og følgje det heile direkte. Me prøver oss litt fram og satsar på at teknikken står oss bi., seier redaktør i Porten.no, Truls Grane Sylvarnes.

I tillegg til direktebilete frå standplass, kan ein via heimesida til Knipenborg følgje skytinga med oppdateringar i rekordfart. 

Du finn link til alt dette HER.

Skytinga finn stad måndag (frå 12.00), onsdag (frå 17.00), torsdag (frå 17.00), fredag (frå 13.00), laurdag (frå 08.30) og søndag (frå 08.30). 

Til toppen