FØLG MØTET: Tysdag kan du følgje møtet i fylkestinget direkte på Porten.no. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
FØLG MØTET: Tysdag kan du følgje møtet i fylkestinget direkte på Porten.no. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Arkiv/Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Følg møtet i fylkestinget her

Tysdag kan du følgje fylkestinget sitt siste møte før sommarferien. 

Loen: Fylkestinget er samla på Hotel Alexandra i Loen 13. og 14. juni. 

Møtet startar tysdag 13. juni kl. 10.00 med at ordførar Sven Flo i Stryn helsar tinget. Deretter held fylkesordførar Jenny Følling sin halvårlege tale, med påfølgjande debatt. Sakshandsaminga startar når debatten er avslutta.

Fylkestinget sitt årlege møte med Sogn og Fjordane Energi AS vert første sak etter talen og debatten.

Til toppen