LIKE FØR OPNING: Silje Hellebø (31) (f.v) og Silje Renate Sylvarnes (34) tok seg ei pause frå montering og følger ivrig med på at folien med bedriftslogoen kjem opp på vindauga i salongen. Foto: Ina Eirin Eliassen

Følger draumen og opnar eigen salong

Silje Hellebø (31) og Silje Renate Sylvarnes (34) har stått på for å forandra det gamle butikklokalet i Øvre Årdal til ein salong. Torsdag opnar dei dørene på Studio S Frisør. 

Årdal: Brune og oransje fargar er byta ut med gråtonar. Lokalet har no mellom anna fått nytt inngangsparti tilpassa rullestol, nytt elektrisk anlegg, servantar til hårvask og fire frisørstasjonar.

Det har vore intensive veker med jobbing på Studio S Frisør AS sidan august. I tillegg har Hellebø og Sylvarnes fått med seg Siri Borkhus (31) frå Caleo Hudpleie AS, slik at det blir to bedrifter som held til i same lokalet. 

Artikkelen held fram under biletet

NÆRMAR SEG: Logoen til frisørsalongen kom opp på vindauga dagen før dagen.  
NÆRMAR SEG: Logoen til frisørsalongen kom opp på vindauga dagen før dagen.  

Då Porten.no tok turen innom onsdag føremiddag var det framleis mykje som skulle på plass før opninga, men Hellebø og Sylvarnes var ikkje stressa av den grunn. 

– Har nådd det første målet

–  Pappa, som hjelper oss med å få ferdig lokalet, seier at det går og at me er klare til i morgon. Då høyrer me på det, seier Sylvarnes lurt. 

– Det er jo dette me drøymer om, å ha noko som er vårt eige. No gler eg meg til å kome i gang, seier Hellebø. 

– Me finn jo ikkje akkurat opp kruttet på nytt, men klart me er spente. No har me endeleg nådd det første målet, vidare handlar det om å jobbe med drifta, fortel Sylvarnes.

Artikkelen held fram under biletet

SISTE INNSPURT: Silje Hellebø (f.v) og Silje Renate Sylvarnes stressar ikkje sjølv om det er like før opning. Vidar Sylvarnes har også hjelpt dei mykje, noko han tykkjer er berre moro då han ser kor mykje jentene vil dette. 

Både Hellebø og Sylvarnes har fleire år bak seg som tilsette ved Frisørstova AS. Og alt no byrjer lista for bestillingar dei første dagane etter opning å fylle seg opp. 

– Det er fordelen med å starte opp i heimbygda. Mange av kundane kjenner me jo frå før, slik at det handlar om å oppretthalda den servicen dei alt har fått. I tillegg har kundane no også tilbod om hudpleie, seier Sylvarnes. 

Eitt lite velværesenter

I salongen vil dei skilje seg ut med å tilby behandling av både hår, negler og hud. Etter kvart ser dei også for seg å skreddarsy velværepakkar, slik at du kan få ordna "alt" på same plass. 

Artikkelen held fram under biletet

BREIARE TILBOD: Siri Borkhus i Caleo Hudpleie AS tykkjer det er kjekt å endeleg vera så nær opning i eitt nytt lokale. 
BREIARE TILBOD: Siri Borkhus i Caleo Hudpleie AS tykkjer det er kjekt å endeleg vera så nær opning i eitt nytt lokale. 

Siri Borkhus installerer seg på eine rommet i salongen, med utstyr til å fikse alt frå voksing, massasje, negler, vipper og bryn. Ho starta opp Caleo Hudpleie for fire år sidan, og har i nokre år vore på jakt etter eit nytt lokale. Då Sylvarnes spurde om ho ville leige seg inn i salongen for å samla fleire tilbod i lag, var det difor lett for Borkhus å seie ja. 

– Her blir eg ein del av eit større arbeidsmiljø, difor var det kjekt å bli med, fortel ho. 

– Sunt med konkurranse

Dei er heller ikkje uroa over at dei ikkje ligg midt i sentrum, då årdøler er flinke til å nytta frisør og då folk som regel bestillar time i staden for å droppe innom. Berre dei siste vekene har Sylvarnes og Hellebø vorte overraska over kor mange som faktisk passerer langs Storevegen. Fleire har også vore innom i døra for å få greie på kva som no skjer i det gamle butikklokalet. 

På sett og vis blir det heller ikkje fleire frisørar i kommunen, men likevel meir konkurranse.

– Marknaden er der, og eg trur det er sunt med meir konkurranse både for oss og for kundane, seier Sylvarnes.  

LIKE FØR: Studio S opnar dørene i Øvre Årdal torsdag.
LIKE FØR: Studio S opnar dørene i Øvre Årdal torsdag.
Til toppen