AUST-VEST: Også fylkeskommunen tilrår at eitt av hovudsambanda mellom aust og vest, går over Rv 52 Hemsedalsfjellet. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
AUST-VEST: Også fylkeskommunen tilrår at eitt av hovudsambanda mellom aust og vest, går over Rv 52 Hemsedalsfjellet. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Følger opp kampen for hovudveg over Hemsedalsfjellet

Sogn og Fjordane fylkeskommunen følger opp kampen for å få framtidas hovudveg mellom aust og vest over Rv 52 Hemsedalsfjellet, med tilkopling av Rv 5. 

Fylkesordførar Jenny Følling og leiar i hovudutval for samferdsle Noralv Distad sendt brev til statsministeren, på vegne av fylkeskommunen, der dei ber statsministeren om at Rv 52 over Hemsedal blir eitt av dei to hovudsamband mellom aust og vest. 

Sist veke var det medlemmane i Sogn regionråd som sende brev med oppmoding til statminister Erna Solberg. 

Klar tilråding

I brevet peiker Følling og Distad på at fylkeskommunen si klare tilråding er at det eine hovudsambandet blir tunnel frå Borlaug til Bjøberg og ei vidare opprusting av Rv 52 Hemsedalsfjellet, med tilkopling av Rv 5 og ferjefritt samband Mannheller – Fodnes over Sognefjorden. Då dette er den faglege tilrådinga på grunnlag av vurderingar av kost-nytte på dei ulike alternativa.

Fylkeskommunen støttar Statens vegvesen sin langsiktige utviklingsstrategi med to hovudsamband, der dei skriv at begge alternativa, Rv 134 Haukeli og Rv 52/Rv 5, er like sjølvsagte val. Dei argumenterer også for at Rv 52/Rv 5 er heldig for strekningen Bergen – Voss – Lærdal og vidare austover. I tillegg er det eit svært godt alternativ for trafikk frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med kopling til E39.

Tek med seg innspelet

 

Statsministerens kontor ved statssekretær Torkild Solli Haukaas takka for innspelet, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. I svaret stadfestar han at trygge og effektive transportårer mellom aust og vest er viktig for næringsliv og innbyggarar, noko også samferdselsministeren og hans statssekretærar fekk erfare og innspel på då dei sjølve testa sambandet mellom aust og vest. No er det den politiske avgjerda som står att. 

Til toppen