Høyanger: Etter eit møte i ein krisestab som vart sett ned onsdag ettermiddag i samband med utbrotet av koronavirus, har Høyanger kommune bestemt å stengje/stoppe følgjande bygg og arrangement frå 11. til 26. mars:
- Høyangerbadet
- Høyangerhallen
- Høyanger kino
- Lavik symjehall
- Alle ungdomsklubbar i kommunen.
- Høyanger samfunnshus
- Eldresenteret
- Sjukeheimar
- Omsorgsbustader
- Biblioteka i Lavik og på sørsida
Kommunen skriv på heimesida at tiltaka vert vurdert fortløpande og at det kan komme raske endringar.