Gulen/Masfjorden: – Vi har rekna mykje – på kor mykje vi kan få inn, kva vi må få inn og kva vi bør få inn. Etterkvart har vi komme fram til at dette skal kunne gå. Vi ønskjer å satse på det vi drøymer om og sjå om vi kan få det til. Då har vi i alle fall prøvd, seier Kristine Brekke Brosvik (24).

Følgjer draumen om eigen kafé: – Det viktigaste er å tru på seg sjølv og prøve
I mars opnar Kristine Brekke Brosvik (24) og James Palmer (32) Kritthuset Kafé og Catering på Hosteland. Gründerparet er innstilte på mykje arbeid og lagar til og med møblar til kafeen sjølve.