FOTBALL I ROMJULA: Dei siste åra har det vore tradisjon med Grendacup i Tangenhallen. 2015 er ikkje eit unntak. Foto: Privat.
FOTBALL I ROMJULA: Dei siste åra har det vore tradisjon med Grendacup i Tangenhallen. 2015 er ikkje eit unntak. Foto: Privat.

Følgjer opp tradisjonen med Grendacup

2015 er ikkje eit unntak for den årlege Grendacupen.

Årdal: Fotballturneringa som inneheld mykje prestisje går av stabelen 30. desember i Tangenhallen. 

Turneringa har blitt arrangert i fleire år, der årdøler frå ulike grender går saman på eit lag i kampen om heider og ære i romjula.

– Påmeldingsfrist er 26. desember. Spelarar må ha tilknytning til ei grend. Jentelaga ser me litt meir mellom fingrane når det gjeld grendene, seier turneringsleiar Ronny Rinde og ber folk om å melde inn lag til han.

Til toppen