FOREBUDD: – Helseføretaket har detaljerte rutinar for prøvetaking, bruk av verneutstyr og isolat for å hindre smittespreiing, seier fagdirektør Trine Vingsnes.
FOREBUDD: – Helseføretaket har detaljerte rutinar for prøvetaking, bruk av verneutstyr og isolat for å hindre smittespreiing, seier fagdirektør Trine Vingsnes. (Foto: Helse Førde)

Følgjer utviklinga med coronaviruset

Helse Førde ser ikkje på situasjonen som dramatisk førebels, men følgjer opp informasjonen frå nasjonale styremakter.

Helse Førde: – Helseføretaket har detaljerte rutinar for prøvetaking, bruk av verneutstyr og isolat for å hindre smittespreiing, seier fagdirektør Trine Vingsnes.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet held kontinuerlig dialog med helsetenesta om situasjonen knytt til viruset. Torsdag var det framleis ikkje registrert tilfelle av smitte i Noreg, men Vingsnes opplyser i ei pressemelding at Helse Førde følgjer situasjonen tett.

– Dersom det er mistanke om smitte i Helse Førde sitt område, vil prøver bli tekne ved eitt av sjukehusa. Prøvene vil deretter bli sende til Folkehelseinstituttet for analyse. Forventa svartid er eitt til to døgn, seier Vingsnes.

Les òg: Blir ny klinikkdirektør i Helse Førde

Må bruke verneutstyr ved mistanke

Tilsette som er i kontakt med pasientar der det er mistanke om coronavirus, skal bruke verneutstyr som andedrettsvern, smittefrakk og hanskar.

– Me ser ikkje på situasjonen som dramatisk førebels, men beredskapsleiinga i Helse Førde er orientert. Vi følgjer opp informasjonen frå nasjonale styremakter, går gjennom tiltaka som er sette i verk og vil heile tida vurdere om det er trong for endringar, seier beredskapssjef Terje Olav Øen.

Verdens helseorganisasjon erklærte torsdag kveld internasjonal folkehelsekrise som følgje av utbrotet. Coronaviruset er eit nytt SARS-liknande virus. Utbrotet starta i den kinesiske millionbyen Wuhan. Det er så langt lite kjent kor alvorleg virussjukdomen er, eller kor lett den smittar, men viruset er ikkje definert som høgrisikosmitte.

Til toppen