ÅTVARAR: Rigmor Solem i Statens naturoppsyn ber folk om å ferdast forsiktig dersom dei har tenkt seg til botnen av Vettisfossen. Foto: Privat.
ÅTVARAR: Rigmor Solem i Statens naturoppsyn ber folk om å ferdast forsiktig dersom dei har tenkt seg til botnen av Vettisfossen. Foto: Privat.

– Folk burde passe seg litt når dei ferdast

No åtvarar Rigmor Solem i Statens Naturoppsyn folk mot å ferdast på stigen mot Vettisfossen fram til denne er rydda.

Utladalen: – Folk burde passe seg litt når dei ferdast. Det har rasa ganske nyleg, og det rasar heile tida. Eg vil åtvara folk mot å gå på stigen fram til smeltinga har roa seg, seier Solem.

RAST UT: Solem seier det har havna eit tjukt lag med grus og stein over stigen.
RAST UT: Solem seier det har havna eit tjukt lag med grus og stein over stigen.

Det er ikkje uvanleg at det går ras over stigen som går fram til botnen av Vettisfossen. Kvart år er det spesielt to utsette stader det kjem ein del grus og steinar ned. 

Difor må Rigmor Solem og andre alltid finne fram spaden for å grave fram stigen, men i år er raset større enn tidlegare.

– Me rekk aldri å grave fram stigen før dei første har byrja å gå der. Det verkar som folk besøker fossen tidlegare og tidlegare, også på vinteren for isklatring. Eg såg folk hadde gått der, men no er det skikkeleg rasa ut, og det har skjedd ganske nyleg, fortel ho.

Heile stigen er viska vekk, og det ligg eit tjukt lag med stein. No tek ho sikte på å få rydda og sett opp att sikringstiltaka innan 1. mai.

– Det byrja å rase på eit punkt i fjor, men det er litt komplisert å fikse. Dette skal me ta i juli når det kjem to sherpaer som skal hjelpe til med å reparere fleire stader i Jotunheimen. 

Til toppen