UTRIVELEG: Området attmed Hodlekvebrua har blitt til reine fyllinga på grunn av folk som anten er for late eller for gjerrige til å kvitte seg med søppelet på riktig måte.
UTRIVELEG: Området attmed Hodlekvebrua har blitt til reine fyllinga på grunn av folk som anten er for late eller for gjerrige til å kvitte seg med søppelet på riktig måte.

Folk dumpar søppel i Sogndalsdalen: – Mangel på folkeskikk

– For oss som bur oppe i det, så er det ikkje triveleg i det heile tatt. Det samlar seg både fuglar og anna kryp rundt.

Sogndal: Mangeårig bondeleiar Per Hilleren, no berre bonde, har sett seg lei på at folk grisar til området rundt søppelcontainaren i Sogndalsdalen.

LITE MILJØVENLEG: Tre kasserte bilbatteri er blant søppelet folk har etterlate seg.
LITE MILJØVENLEG: Tre kasserte bilbatteri er blant søppelet folk har etterlate seg.

– Nokon brukar dette som dumpingplass for møblar, dekk, bilbatteri og store søppelsekker. Det er utriveleg og rett og slett respektlaust av folk å gjere dette her, seier han.

Les også: Mobil-app skal varsle om bostømming
Les også: Satsar 150 millionar på miljøvenleg teknologi

Søppelcontainarane som står der er til for hyttefolket i Sogndalsdalen. Men ikkje alle har vit til å bruke dei slik dei er tiltenkte. Når noko ikkje passar oppi blir det berre plassert ved sidan av.

– Det er nær ei elv, og med bilbatteri og alt mogleg som står der, så er det ikkje miljøvenleg i det heile tatt, seier Hilleren.

Bonden seier problemet har vedvart i fleire år, men meiner sjølv det er ei enkel løysing.

– Det er at folk skjerpar seg og viser litt folkeskikk, seier Hilleren.

Til toppen