SOGNDAL: Nedgong i folkevekst i saftbygda.
SOGNDAL: Nedgong i folkevekst i saftbygda. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Folk flyttar frå Sogndal, men rådmann er ikkje bekymra: – Me er sterkast i fylket

Og rådmann i Lærdal jublar for folkevekst.

Sogndal/Lærdal: NAV er uroa over folketalsutviklinga i fylket, det skriv dei i ei pressemelding.

– Me har frykta det og ser diverre at tala så langt i år stadfestar at fylket står framfor utfordringar som vi ikkje har sett tidlegare, fortel Tore Thorsnes, direktør i NAV Sogn og Fjordane. 

Sogndal går sterkast tilbake

Sogndal går sterkast tilbake av alle kommunane i Sogn når det gjeld folketalsutviklinga i andre kvartal 2018. Bygda har 41 færre innbyggarar enn for tre månader sidan, men rådmann i Sogndal kommune er ikkje bekymra.

– Det er ein heilt vanleg situasjon at Sogndal har nedgong i andre kvartal. På årsbasis har me den sterkaste folkeveksten i heile Sogn og Fjordane, seier rådmann Jostein Aanestad. 

RÅDMANN: Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, her saman med ordførar Jarle Aarvoll. Bilde:  Halvor Farsund Storvik

Han seier at det svingar mykje mellom fyrste og andre kvartal.

– Nedgongen i folkevekst i andre kvartal handlar mykje om alle dei studentane som har meldt flytting frå Sogndal. Dei reiser frå bygda og det påverkar andre kvartalet vårt sterkt, men er ein vanleg situasjon som me har hatt dei siste åra. 

Meiner folketalet snart tek seg opp att 

Aanestad seier at dette jamnar seg ut i tredje og fjerde kvartal når nye studentar har flytta til bygda for å studera.

– Den generelle folkeveksten i kommunen er sterk, og sterkast i fylket. Dette vil jamne seg ut att snart.

Rådmann i Lærdal: – Fantastisk

Lærdal på den andre sida har størst auke i folkevekst i Sogn. Bygda har 22 fleire innbyggarar i andre kvartal. Dette er konstituert rådmann i Lærdal kommune, Arne Johansen, veldig glad for.

RÅDMANN: Rådmann i Lærdal, Arne Johansen. Bilde: Lærdal kommune

– Det er jo fantastisk å registrera dette. Me opplever at dette er resultatet etter langsiktig arbeid i Lærdal. 

Han legg vekt på at bustadbygginga i Lærdal har skote god fart den siste tida.

– Me har hatt vekst i bustadbygging siste året, og no har me 30 bueiningar under oppføring. Det er historisk høge tal i Lærdal. 

Sentralt og gode tilbod

Johansen meiner det er gode grunnar til at fleire vurderar Lærdal som ein attraktiv stad å bu og leva.

– Lærdal ligg sentralt, og har sentral beliggenheit til eit stort, felles arbeidsmarknad. Me har gode kommunale tenester, full barnehagedekning, og eit variert og aktivt næringsliv, så dette kan me forstå. 

Han bemerkar òg at dei ser ei positiv utvikling i bygda Borgund, noko som gledar han. 

Fleire unge flyttar heim

– Fleire unge flyttar heim og etablerar seg i Borgund, og det er ei kjekk og positiv utvikling. 

Johansen meiner at alt dette i tillegg til at Lærdal ligg gunstig til når ein skal vidare til dei større byane, gjer til at folk vurderar Lærdal som ein aktuell bustadkommune.

– Etter fire timar er du i Oslo, etter tre timar er du i Bergen, og i den grad du treng noko meir så har du det i ummidelbar nærleik. Samstundes er det det gunstige boligprisar her som kanskje er halvparten av prisane i Sogndal, avsluttar han.

ENDRING: Her kan du sjå endring i folketalet så langt i 2018. Foto: Skjermdump/Nav
Til toppen