HAGEFEST: Kong Harald og dronning Sonja inviterte til hageselskap i Dronningparken torsdag. Kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og prinsesses Astrid deltok også i selskapet der 1.500 menneske var invitert. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK.
HAGEFEST: Kong Harald og dronning Sonja inviterte til hageselskap i Dronningparken torsdag. Kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og prinsesses Astrid deltok også i selskapet der 1.500 menneske var invitert. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK.

Folk frå heile landet til hagefest i Slottsparken

Festkledde gjester frå heile landet fylte Dronningparken torsdag då kongeparet inviterte til hagefest.

Oslo: Kong Harald og dronning Sonja deltok saman med kronprinsfamilien og prinsesse Astrid, Fru Ferner. Prinsesse Märtha skulle også ha vore til stades, men har meldt avbod.

– Hjarteleg velkommen til oss, alle saman, sa kong Harald til sine 1.500 gjester som har strøyma til frå fjern og nær etter å ha fått ein høgtideleg, forgylt invitasjon i posten.

– Trudde det var tull

– Eg trudde det var tull, ler ein smilande Marita Vangen-Bratteteig frå Lærdal i Sogn og Fjordane.

Ho har fått låne sognebunad, for ho turte ikkje ha på sin eigen frå Hardanger på ein slik dag. Festdrakta har vore med henne på bussturen gjennom natta, og saman med dei andre gjestene blei ho helsa velkommen av Kongens garde utanfor Slottet torsdag. Inne i parken var det nysirkusopptredenar, folkedans og jazzband mellom trea.

Liknande hagefestar har vore heldt i byar rundt om då kongeparet var på sin jubileumsreise tidlegare i år. I sin velkomsttale hylla kong Harald mangfaldet befolkninga i Noreg utgjer.

– Nordmenn er engasjert

– Nordmenn er engasjert ungdom og livserfarne gamle. Nordmenn er einslege, skilte, barnefamiliar og gamle ektepar. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutar som er glad i gutar, og jenter og gutar som er glad i kvarandre. Nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting, sa han til lett humring frå gjestene.

– Mitt største håp for Noreg er at vi skal klare å ta vare på kvarandre. At vi skal byggje dette landet vidare på tillit, fellesskap og raustleik. At vi skal kjenne at vi – trass i all vår ulikskap – er eitt folk, sa kongen. (©NPK)

Til toppen