Folk i små lokalsamfunn er redde for å klage på helsetenestene
(Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Folk i små lokalsamfunn er redde for å klage på helsetenestene

Pasientar og pårørande vil ikkje bli stempla som vanskelege og er redde for represaliar. Klagefrykten er spesielt utbredt i små lokalsamfunn, seier pasient- og brukarombod.

Sogndal: – Sjølv om det er generell klagefrykt i helsevesenet, så er det veldig mykje verre i kommunane. Der er det nok enno større terskel, nettopp på grunn av dei små forholda som er mange plassar, seier Marit Risnes.

Ho er seniorrådgjevar​ i pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane. Kvart år får dei inn rundt 440 førespurnader dei må ta stilling til. Ho skulle ønskje folk var enno flinkare til å bruke dei og meiner det trengst eit landsdekkande kunnskapsløft om rettane folk har.

– Det er vår oppleving at pasientar og brukarar generelt har stor respekt for det å klage. Dei er redde for å gjere det, veldig ofte fordi dei fryktar represaliar og at dei skal bli dårleg behandla seinare, seier Risnes.

Treng tilbakemelding for å bli betre

I tillegg kan pårørande òg ofte vere redde for å bli oppfatta som vanskelege, viss dei byrjar å stille krav.

– Vi trur ikkje det er slik. Men viss pasientar og pårørande opplever at det er slik, så har det ikkje noko å seie kva vi seier, seier Risnes.

Ho meiner det er viktig at folk klagar. For det første er helsevesenet avhengige av tilbakemeldingar for å kunne rette opp feil eller forbetre tenestene til seinare. For det andre er det viktig for pasientar å få avklart om dei får den hjelpa dei har krav på:

Ein tredel får erstatning

– Det viktigaste for folk å vite er at det er noko som heiter pasient- og brukarrettslova og at ein med lova i hand kan klage på tenester eller mangelen på dei. Dette er noko kommunane skal informere om, til dømes på heimesidene sine, seier Risnes.

Kvart år blir det utbetalt omlag ein milliard i pasientskadeerstatning. Rundt ein tredel av dei som klagar får innvilga erstatning i første instans. Klagefrykta gjer at det truleg er store mørketal og mange som ikkje får det dei har krav på.

– I situasjonar der pasienten eller brukaren blir påført skade eller komplikasjonar har helsepersonell plikt til å informere om at dei kan ha rett på erstatning og at dei kan kontakte oss eller fylkesmannen, seier Risnes.

Ho meiner òg at kommunane kan bli flinkare til å informere om dette på sine eigne heimesider.

Til toppen