– Me har seld meir enn me håpa på. Det har jo vore ein sjokoladesommar i år, ikkje ein issommar.
Ekteparet Franka og Paul Fransen driv Sognefjord Sjokolade i Marifjøra. Nederlendarane starta sjokoladeproduksjonen i november i fjor, og dei har all grunn til å vera nøgde. Berre på opningsdagen selde dei sjokolade for 80.000 kroner i løpet av halvanna time. Dei meiner det er viktig å satsa.
– Om du ikkje prøver, veit du ikkje korleis det går, seier Paul, som forklarer at den brune og blå logoen har vore på plass frå dag ein.

Ekteparet peikar på at det er viktig for dei å gjera noko for seg sjølv.
– Og så vil me gjera noko me kan.
Det er ikkje fyrste gong Paul og Franka lager søtsaker. Paul er 3. generasjons konditor. Heime i Nederland tok dei i 1989 over familiebedrifta som vart starta i 1936. Kundelista inkluderte store hotell, stjernerestaurantar og kongefamilien.

Dette tok brått slutt då Paul fekk mjølallergi og ikkje kunne jobba i konditoriet lengre. Legen råda han til å få seg ein jobb ute i frisk luft, slik enda dei til slutt opp med å kjøpa Hafslotun og flytta til Noreg i 2004. Sjokoladeproduksjonen skulle eigenleg vera ein vinterjobb, men enda opp som ein heilårsjobb.

Lokal forankring er viktig for paret, som bruker frukt og bær frå nærområdet i sjokoladen sin.
– Me kan ikkje få alt heilt lokalt, men me ynskjer i alle fall å halda oss rundt Sogefjorden.
I fjor plukka dei blåbæra sjølv, men i år vart det så hektisk at naboen måtte hjelpa til å plukka litt for dei. Dei har til og med ein sjokolade med geitost frå Aurland. Sogningane på si side har teke godt i mot både dei og sjokoladen deira.
– Nordmenn har alt, så då er sjokolade den perfekte gåva, smiler Paul.

– Me kan ikkje konkurrera med Nidar og Freia, det vil me ikkje heller. Me satsar på kvalitet.
Dei utdjupar at dei vil vera ei lita og god bedrift. Utan andre tilsette har dei større fridom til å styra dagane sine sjølve.
– Men det er hektisk no fram mot jul, no vert det lange dagar.
