MUSIKKDRIVEN: Frida Hunshammer frå Årdal har drive med musikk sidan ho var 9 år. Ved sidan av musikkstudiene brukar ho sommarferien på å opptre.
MUSIKKDRIVEN: Frida Hunshammer frå Årdal har drive med musikk sidan ho var 9 år. Ved sidan av musikkstudiene brukar ho sommarferien på å opptre. (Foto: Sunniva Knutsen)

Folk i Sogn, Frida Hunshammer: – Blir meir nervøs av å ha kjente fjes i publikum

Frida Hunshammer fekk nasjonal merksemd då ho tidlegare i år stod på scena med TV-programmet The Voice. I helga skal ho opptre på i heimbygda Årdal, saman med Åge Aleksandersen, Eva Weel Skram og Kjartan Lauritzen.

– Mange spør meg om eg vil bli artist, men eg føler det er litt opp til  flaks kven som blir vald til det. 

Det seier 19 år gamle Frida Hunshammer frå Årdal. Sjølv har ho drive med musikk sidan ho var ei lita jente og studerer for tida til å bli fagskulelærar i musikk, på Hamar.

Då første skuleåret var over i juni, og dei fleste andre elevane vende snuten tilbake til sommarjobben heime, vart sommaren til årdalsjenta litt annleis. 

For Frida skulle ikkje berre jobba på Hydro Karbon i sommar. Ho var blant anna å sjå og høyra på scena på Jordeplerockfestivalen, Nasjonalparkfestivalen  og på direktesendt TV på NRK Sommeråpent. 

I helga skal ho stå på Målrockscena i celebert selskap, då artistar som Åge Aleksandersen og Sambandet, Eva Weel Skram og Kjartan Lauritzen skal opptre. 

Ein liten kontrast frå i fjor, då ho stod i baren på backstageområdet. 

– Det blir veldig rart! Berre det å bli nemnd i same setning som dei synast eg er merkeleg. I fjor serverte eg artistane backstage, så det vert litt annleis no når eg skal vera ein av dei, ler ho. 

FESTIVALSOMMAR: Frida Hunshammer har stått på mange scener i sommar, og på i helga skal ho opptre med sine eigne songar i heimbygda Årdal. Foto: Sunniva Knutsen

Frida starta med songtimar allereie i 3.klasse, etter oppmoding av mamma Gry Kristin, og med dét var det gjort.

Ho vart beten av basillen, og saman med søskenbarnet Erlend Hunshammer Moen hadde dei jamnt og trutt konsertar for familien då dei var yngre. 

Ho fortel at ho var sjenert som lita, og valde å pendle til 45 minuttar kvar veg til nabokommunen Lærdal for songundervisning, ettersom det i Årdal berre fanns privattimar kor ein måtte syngja åleine. 

The Voice-eventyret

Då ho var 18 år heldt Frida framleis på med musikken, og vurderte ved fleire høve å melda seg på ein musikkonkurranse som Idol, X-factor eller The Voice.

På seinhausten i fjor tok systera Serine saka i eigne hender, då ingenting vart gjort. Serine tipsa produksjonen bak TV-programmet The Voice om systera, og med dét var eventyret i gong.

GJEKK VIDARE: På audition for The Voice valde Frida å synga Church on sunday av Grace. Både produsent Martin Bjercke og Yosef frå Madcon snudde seg. Bilde: Skjermdump / The Voice TV2

Det heile starta med eit par telefonsamtaler, og sidan det var midt i skuletida, måtte Frida springa ut av timane på skulen for å svara telefonen.

– Eg hadde heile tida i bakhovudet at eg kunne trekka meg om det blei for skummelt. Men eg visste jo at dersom eg fekk sjølvtilliten og eg faktisk kom vidare, så ville eg gjere det.

Etter ein godkjenningsprosess med tre pre-auditionar var dagen komen, og plutseleg stod Frida framfor Morten Harket, Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam og produsent Martin Bjercke på ei scena i Oslo.  

– Eg hugsar at eg var veldig nervøs då eg gjekk opp på scena. Ein rar observasjon eg merka meg var at stolane dei sit i var så små. Eg hadde sett føre meg at stolane som mentorane sat på skulle vera store, for dei ser så store ut på TV.

– Men jamvel slo det meg at der bak sat faktisk Lene Marlin og Morten Harket. 

Både Martin, kjent som produsent CLMD, og Yosef frå Madcon snudde seg for Frida. Ho valde Martin, eit val ho angrar litt på.

DUELL: I duellen mot Ida Lunde, trakk Frida det korte strået og The Voice eventyret var over. Bilde: Skjermdump / The Voice TV2

– Han var ny, eg var ny. Eg veit ikkje heilt kva eg tenkte. Men eg trudde kanskje det kunne vera taktisk å velja han. Men så fekk eg høyre at Yosef er veldig glad i soulstemmer og soulmusikk, og då angra eg litt.

– Men Martin var heilt super, og har hjelpt meg med låtane mine i etterkant av konkurransen, legg ho til. 

I andre runde av programmet møtte Frida og Ida Lunde til duell med songen Headlights. Det var ein jamn duell, men Martin endte opp med å velja Ida. Og dermed var The Voice eventyret slutt for årdalsjenta. 

– Eg må trøkka på litt

Om deltakinga i musikkprogrammet gjorde éin ting for Frida, så var det å visa ho at det var musikk ho ville driva med. Og nettopp den tanken stod bak den fyrste singelen hennar, Lovesick.

– Eg følte at eg måtte trøkka på litt meir for å halde trykket oppe, seier ho. 

Låta var eit samarbeid mellom ho og søskenbarnet Erlend Hunshammer Moen. Som ifølgje Frida har vore ein stor inspirasjonkjelde, og hadde det ikkje vore for han hadde ho ikkje drive like mykje med musikk. 

– Erlend har hjelpt meg mykje. Han var ein stor inspirasjon for meg då eg var yngre, han var jo fem år eldre og har lært meg å blant anna å skriva låtane mine. 

Vidare planlegg Frida ein del turar til Oslo og produsent Alf Magne Hillestad på Lydbladet i Oslo, for å laga meir musikk. For ferdigskrivne låtar, dét har ho mange av. 

– Det er ikkje så langt til Oslo frå Hamar, så det blir nok litt meir musikk framover. Vi har planar om å få ut ein singel til før jul, seier ho med eit smil. 

NY MUSIKK: Ifølgje Frida blir det mange turar til studio i Oslo i løpet av hausten for å laga ny musikk.

Annleis å opptre heime

Til helga skal Frida stå på scena saman med bandet sitt som på tull kallar seg Flugisane, eit spel på bassist og synthspelar Morten Flugheim. Saman skal dei framføra Frida sine eigne songar. Noko ho gruar seg litt til. 

Ho fortel at det blir litt rart å framføre sine eigne songar, og at det er litt ekstra skummelt å synga dei for kjente og kjære. Songane hennar handlar oftast om kjærleik, men ikkje alltid om ein gut, for det er kjærleik i venskap òg. 

Eg kjenner eg faktisk blir meir nervøs av å ha mange kjente fjes i publikum. Det er litt ekstra skummelt då.

Frida Hunshammer

– Nokre av songane mine kan høyrest ut som dei handlar om ein gut, men eg har fleire songer som er skriven om ei venninne. 

– Blir det annleis å stå på scena i Årdal? 

– Folk er litt meir kritiske her i Årdal, og me ønskjer kanskje imponera dei litt ekstra, seier ho. 

– Eg kjenner eg faktisk blir meir nervøs av å ha mange kjente fjes i publikum. Det er litt ekstra skummelt då. Andre synast kanskje det er litt godt å sjå kjente fjes. Eg tenker litt meir i banen av «å nei, no må eg ikkje gjere sånn eller sånn når den eller den personen ser på», seier Frida lattermildt. 

– Eg føler gjerne eg må prestere litt ekstra, sidan det er Målrock. Men årdølene er veldig flinke til å støtte meg, så eg både gler og gruar meg smilar 19-åringen.

Til toppen