Folk i Sogn: Janne Nes

– Eg held til her oppe, og litt til sida i bygget, utanfor allfarveg. Eg trives eigentleg med det.

Tekstilkunstnar Janne Nes held til i Gamlehotellet i Leikanger. Atelieret hennar er lyst, med ein kontorkrok i eine hjørna og eit stort arbeidsbord midt i rommet. På veggane heng det stoffstykker, små bilete og avisutklipp.

Janne Nes i atelieret sitt i Gamlehotellet i Leikanger. 
Janne Nes i atelieret sitt i Gamlehotellet i Leikanger. 

Janne er utdanna bioingeniør og jobba på legesenteret i Sogndal i 15 år etter å ha flytta frå Hedmark til Leikanger med mannen sin, Lars Nes. Ho sakna å utfalda seg, og i 1997 starta ho på tekstillinja ved Kunsthøgskulen i Bergen, der ho studerte i 5 år. 

Janne jobbar mykje med raudt. 
Janne jobbar mykje med raudt. 

Janne hadde prøvd ut mange ulike kunstnarlege teknikkar før ho starta på Kunsthøgskulen, men det fall seg mest naturleg for ho å jobba med tekstil.

– Tekstil er ikkje så låst, du har veldig mykje fridom. Men for mange valmoglegheiter, kan verta eit problem, så eg prøver å snevra inn kva eg driv med. Det er bra å ha ein særprega stil, samstundes som det er skummelt å låsa seg fast.

“Orange bølge” er eit av dei større verka til Jane Nes.
“Orange bølge” er eit av dei større verka til Jane Nes.

Dei mest kjende verka til Janne er fleire store silkestykke som heng framfor kvarandre ned frå taket. Dei er opp til to ganger to meter og farga ved hjelp av ei type vassmåling. Silken er transparent, og mønsteret frå dei forskjellige laga skin gjennom og legg seg over kvarandre.

– Storleiken gjer at du må ta stilling til det med kroppen. Samstundes er silken svevande og rørleg. 

Det er mykje arbeid å farga store silkestykke. Fargekjøkkenet er ein viktig del av prosessen til Janne.
Det er mykje arbeid å farga store silkestykke. Fargekjøkkenet er ein viktig del av prosessen til Janne.

– Det er ein balanse mellom tilfeldigheit og kontroll, fortel Janne om teknikken.

Ho beskriv det som ein slags akvarell på silke. Prosessen er tidkrevjande, berre innfarginga av materialet kan ta fleire døger. Mønsteret som ho målar på det våte stoffet flyt sakte utover og endrar seg. Janne forskyv laga med silke undervegs, slik at kvart lag vert ein variasjon av det opprinnelege motivet. Forskyvinga vert nøye beregna, men ho veit likevel aldri heilt kva resultat ho vil få.

– Eg kan få overraskingar i resultatet, gåver som kanskje er fantastiske, utan at dei var planlagt.

Frå taket kan Janne henga opp silkestykka, for å få ein idé av korleis det ferdige verket vil verta. 
Frå taket kan Janne henga opp silkestykka, for å få ein idé av korleis det ferdige verket vil verta. 

 

Til toppen