Folk i Sogn: Jens Hauge

Folk i Sogn: Jens Hauge

– Av og til lurer eg jo på kva faen eg driv med, som går rundt og fotograferer kvisthaugar når eg skal vera forsørgjande familiefar.

  • Endret

Jens Hauge frå Lærdal har brukt mykje tid på å fotografere kvisthaugar og trehytter.

– Det startar som ein fascinasjon og utviklar seg til ein besettelse, fortel han.

Landskap frå Lærdal går igjen i Jens Hauge sine bilete. Han meiner alt ikkje treng innom hovudet for å bety noko.
Landskap frå Lærdal går igjen i Jens Hauge sine bilete. Han meiner alt ikkje treng innom hovudet for å bety noko.

Dei siste åra har Hauge jobba med eit bussprosjekt der han fotograferer ut bussruter i stor fart - i stor kontrast til dei lågmælte landskapsbileta hans.

– For kvar meter bussen køyrer, er det ei nytt bilete.

Han vert alltid overraska over bileta når han ser på dei etter at bussturen er over. Hauge er ueinig i påstanden om at alt er fotografert.

– Det handlar om å sjå det me ser kvar dag på nytt. Det er så mykje me ikkje legg merke til.

– Eg er ikkje aleine. Jens Hauge finn inspirasjon hjå landart-kunstnarar som Richard Long, så vel som i geologi, arkeologi og hjå andre fotografar.
– Eg er ikkje aleine. Jens Hauge finn inspirasjon hjå landart-kunstnarar som Richard Long, så vel som i geologi, arkeologi og hjå andre fotografar.

Hauge kom inn i fotografiet gjennom biletkunsten og har aldri vore interessert i fotografi reint teknisk. Kamera er eit nødvendig verktøy for han.

– Fotografiet er belønnande. Det har ei hurtigheit i seg. Du kan ta eit bilete ein dag og i prinsippet ha det opp på veggen dagen etter.

Han påpeiker at det ikkje kjem av seg sjølv av den grunn.

I atelieret sitt skriv Hauge ut mange av bileta sine sjølv.
I atelieret sitt skriv Hauge ut mange av bileta sine sjølv.

– Eg har fylt opp nokre bosspann opp gjennom åra.

Då Jens Hauge byrja å fotografera på 70-talet, hadde fotografiet ein dårleg posisjon i kunstverda. Det vart ikkje sett på som kunst. Hauge oppsøkte kunstnarar og fotografar som likna på han fotografisk.

Gjennom «Fotogalleriet i Oslo» og «Forbundet Frie Fotografer» vart han kjend med fotografar han framleis held kontakten med i dag. Desse var med på å forma fotografiet sin posisjon i Noreg. I 1982 vart Hauge sitt bidrag til Vestlandsutstillinga sendt ujuryert i retur, fordi det var fotografi. Innan 1996 hadde haldningane endra seg, og Jens Hauge vart tildelt juryens pris.

Jens Hauge fotograferer framleis analogt med film, med same kamera som han alltid har hatt. – Det er ikkje fordi det er eit handverk, som du ofte høyrer, men fordi det ikkje er mogleg å få den kvaliteten eg ynskjer digitalt. Han peikar på at det digitale har vore ei gåva. – Alle fotograferer jo, og det er flott.

– Av og til lurer eg jo på kva faen eg driv med, som går rundt å fotograferer kvisthaugar når eg skal vera forsørgjande familiefar. 

Det vert ein liten pause.

– Hadde eg vist kvifor eg gjorde det, så ville eg nok ikkje ha halde fram med det. Alt treng ikkje innom hovudet, ein må stola litt på magekjensla.

Eit bilete av dottera som ung prydar kroken i atelieret. Hauge freista ein periode å ta portrett, men har no slutta heilt med det.
Eit bilete av dottera som ung prydar kroken i atelieret. Hauge freista ein periode å ta portrett, men har no slutta heilt med det.
Til toppen