Marianne Holme driv Marianne Kafé og Bakeri i Aurland. Kafeen ligg ved elva i sentrum, i eit gamalt kvitt trehus. Om sommaren er det full fart, men Marianne held også ope om vinteren. Ho tykkjer lokalbefolkninga er flinke til å bruka kafeen.
– Det har heile tida vore planen å ha heilårsope. Det er viktig at det er ein møteplass for folk, kanskje spesielt no om vinteren.
Om sommaren er det mykje turistar innom kafeen.
– Når det er folk innom som eg ser ikkje er herifrå, så prøver eg å få dei til å smaka brun geitost. Ein burde smaka det når ein er i Aurland, me er jo trass alt geitekommunen.

Marianne kan by på ein enkel meny, med dagens suppe, påsmurde rundstykke og pizza – alt heimelaga. I tillegg sel ho økologiske og kortreiste produkt, som geitost frå Undredal og eplejuice frå Sogn. Marianne stiller gjerne opp dersom nokon treng eit lokale til konsertar eller andre arrangement.

– Eg er jo ein økogjøk, ler Marianne.
Ho har vore både elev og tilsett på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, før ho starta bakeriet. Når det er sesong, får ho mange av grønsakene sine frå skulen. Dei økologiske råvarene kostar meir enn hjå eit konvensjonelt bakeri, difor er det uaktuelt for Marianne å kasta brød.
– Det er om å gjera å ikkje laga for mange brød no om vinteren.
Smulane frå baksten går til hønene heime på småbruket hennar.

– Det er jo kanskje litt klisje, men…
Marianne leitar etter noko, og finn fram eit skilt med påskrifta «Den største gleda ein kan ha er å gjera andre glad».
– Det beste med å jobba her er å kunna gje folk noko som dei vert glade for, og å sjå at dei set pris på det.
