
Marianne Supphellen starta som sommarhjelp i Bokbyen i Fjærland då den opna i 1996. Ho er oppvaksen i Oslo, men flytte til Fjærland då faren vart direktør på Bremuseet. No er ho dagleg leiar i Stiftinga Den norske bokbyen.
– Det er jo ei lita bedrift, så du gjer alt frå å vaska vindauge til å styra med rekneskap og årsmeldingar.

Før vegen kom til Fjærland var Mundal eit naturleg sentrum, med ferjekai, postkontor og bank. Då vegen kom vart ferjekaien lagt ned, og mange av lokala vart ståande tomme. Claus og Kari Kvamme var sentrale i oppbygginga av bokbyen. Dei hadde vore i Wales og sett verdas fyrste bokby, og tenkte dei kunne få til noko liknande i Fjærland.
– Det einaste som avgrensar oss no, er at me ikkje har nok lokale. Det er pussig, for her stod det verkeleg mange tomme lokale. Kontoret her var jo venterommet til ferja.

I tillegg til boksal driv bokbyen ein bokkafé og turistinformasjon. Dei er avhengig av reiselivet for å overleva, og har eit tett samarbeid med dei andre aktørane i bygda.
– Det er noko med å gjera noko ein brenn for, ikkje berre bøker, men sjølvsagt Fjærland óg. Eg tykkjer Fjærland er kjempefint. Eg ynskjer at folk skal oppleva det.

Marianne peikar på at det kulturelle er veldig viktig for utdanning og refleksjon. Kunnskapen i bøkene forsvinn ikkje, og bokbyen prøver å gjera den mest mogleg tilgjengeleg. Ho tykkjer bokbyen passar godt inn i levemåten i Fjærland.
– Det er kanskje enklare å nå fram her, enn om du hadde vore forstyrra av mykje støy rundt deg.