HELD UT LENGST: Sjølv om vi har ei overvekt av arbeidsplassane industri og landbruk er det her i fylket folk står lengst i arbeidslivet, viser tal frå NAV.
HELD UT LENGST: Sjølv om vi har ei overvekt av arbeidsplassane industri og landbruk er det her i fylket folk står lengst i arbeidslivet, viser tal frå NAV. (Foto: Foto: arkiv)

Folk i Sogn og Fjordane jobbar lengst

Det viser nye tal frå Nav.

NPK-NTB: – Folk i Sogn og Fjordane jobbar i gjennomsnitt 13,3 år etter fylte 50 år, noko som gir ein relativt klar førsteplass mellom fylka i landet, seier Frode Henden, presseansvarleg ved NAV i Sogn og Fjordane.

Han meiner det er imponerande sett ut ifrå næringsstrukturen i fylket, med overvekt av landbruk og industri og der befolkninga har lågare utdanning enn landsgjennomsnittet for aldersgruppa.

– Dette skulle bidra til å dra avgangsalderen i fylket ned, men vi er likevel på topp, seier Henden, som blant anna roser bedriftene for å legge til rette for vaksen arbeidskraft. – Dette er sjølvsagt svært positivt og heilt i tråd med pensjonsreforma og måla i IA-avtalen. Betre helse og gradvis høgare utdanningsnivå hos dei som passerer 50 år, vil truleg bidra til enda høgare tal i åra framover, meiner han.

Til toppen