Alle foto: Ådne Dyrnesli.
Alle foto: Ådne Dyrnesli.

Folk i Sogn: Rigmor Solem

Rigmor Solem er nordmøring, men har arbeidd i Statens naturoppsyn med nedslagsområde i Utladalen og Jotunheimen i eit halvt liv. Ho set stor pris på naturen her.

  • Endret
– Det er utruleg mykje ein kan sjå dersom ein sit heilt stille. Som både naturoppsyn og storviltjeger vert ein god til å observere. Det er mykje ein ikkje ser om ein hastar forbi.
– Det er utruleg mykje ein kan sjå dersom ein sit heilt stille. Som både naturoppsyn og storviltjeger vert ein god til å observere. Det er mykje ein ikkje ser om ein hastar forbi.

– Det er elvar og fossar som får strøyma fritt, og for Utladalen sin del så er dette sikra gjennom at det er eit landskapsvernområde. Naturen er verna mot vesentlege landskapsinngrep.

Ei helleristning av rein pryder ringen til Rigmor.
Ei helleristning av rein pryder ringen til Rigmor.

Utladalen har ti sidedalar på aust- og vestsida, grave ut av brearmar. Kvar av desse fjelldalane har kvar si elv som renn gjennom fjellbjørkeskogen.

– Det er dei elvene som lagar dei vanvittige fossefalla her, som er nokre av dei største i verda. Frå desse dalane stig tindane til vers på kvar sida, med ryggar, kvasse eggar og nærast spir inne i Hurrungane. Det betyr veldig mykje for meg som person, og det er derfor eg likar dette landskapet her i Sogn, som er noko av det mest ekstreme me har av vestlandsk landskap.

Elva Utla har forma Utladalen som den renn gjennom.
Elva Utla har forma Utladalen som den renn gjennom.

Området rundt Hurrungane er lite tilrettelagt, fortel Rigmor. Dette er bevisst, til dels for å ta omsyn til villreinen. Det er ikkje forbod mot å gå dit, men ein må finna vegen sjølv.

– Det er noko som eg har funne ut meir og meir er viktig i  livet mitt. Det å finna nye vegar. Du har tenkt deg ein stad, og du er van til å gå dit. Opp ein fjelldal, over ein fjellrygg eller over til ein annan dal. For min del er det viktig å variere den strekningen. Å gå litt annleis enn sist. Med ein gong du vel ein framkomst du ikkje har gått før, så begynner heile deg å jobba på ein anna måte. Du vert mykje meir merksam.

Interiør frå Naturhuset i Utladalen, kor Rigmor har kontor.
Interiør frå Naturhuset i Utladalen, kor Rigmor har kontor.

Rigmor set spesielt stor pris på dyra som høyrer heime i Jotunheimen året rundt. Ho har sett både ulv, jerv og gaupa, men ei oppleving sat spesielt djupe spor.

– Ein gong opplevde eg å vera vitne til ei villreinsimla som fekk ein kalv. Det var i mai. Ho gjekk for seg sjølv som dei plar gjera, litt ut frå flokken, og gøymde seg litt bort. Dette var sein ettermiddag som gjekk mot kveld. Eg såg kalven koma ut på vanleg måte, og det tar jo ikkje så lang tid før dei begynner å reisa seg opp. Akkurat då ho hadde sleika han og kalven var kome seg på føtene så gjekk sola ned. Sånt skjer jo kvart bidige år, men den opplevinga den står for meg som om eg skulle sett ho i går.

Naturhuset i Utladalen er lett tilgjengeleg. - Me har hatt folk her i naturhuset som har vore nesten 100 år, som har kome til fots, og dei som berre er ein månad eller to. Spennvidda er kolossal.
Naturhuset i Utladalen er lett tilgjengeleg. - Me har hatt folk her i naturhuset som har vore nesten 100 år, som har kome til fots, og dei som berre er ein månad eller to. Spennvidda er kolossal.
Til toppen