Simone Stibbe er forlagssjef i forlaget SKALD og held til på Gamlehotellet i Leikanger. Det er ho som passer på at alt går rett for seg.
– Eg er ansvarleg for å sy alt saman til slutt, seier ho og viser til dei mange og varierte titlane til forlaget.
– Det som er felles for utgjevingane våre må vera at det er lystbetont, me gjev ut bøker som me har lyst å gje ut.

Simone er opphavleg frå Halle i Tyskland, men har endt opp i Leikanger i Sogn. Ho kom til Bergen som utvekslingsstudent, men vart lei av å snakka med andre utvekslingsstudentar på dårleg engelsk og ville sjå meir av Noreg.

I 2001 fekk ho seg sommarjobb på Norsk Bremuseum i Fjærland, og der oppdaga ho også Bokbyen. Då ho seinare trong praksisplass i samband med studiet i bok- og kulturvitskap, ville ho prøva seg i eit norsk forlag og spurde Bokbyen om råd. Slik kom ho i kontakt med SKALD, kor ho vart praktikant i 2003.
– Og så berre blei eg, seier ho med eit smil om munnen.
Då ho skulle skriva masteroppgåva si, vart det sjølvsagt om norsk litteraturpolitikk. Etter seks år i SKALD tok Stibbe ein pause frå forlaget, der ho blant anna jobba i Samlaget eit år, før ho i 2012 kom tilbake til Sogn og tok over som forlagssjef.

SKALD gjev ut alt frå store prakt- og kunstbøker til små skjønnlitterære bøker og fargerike barnebøker, nærast alt på nynorsk. Bøkene er ofte påkosta med fokus på godt design og gode material. Simone påpeiker at dei ser på seg sjølve som eit nisjeforlag, og at dette gjer dei friare til å satsa på det dei ynskjer å gje ut.

Forlaget har også sjølvtillit til å satsa på titlar litt utanfor normalen. Norske låver, eit stor og påkosta verk om låvar rundt om i landet, er eit godt døme på ei bok som skil seg ut, men som vart ein bestseljar.
– Det er nok unntaket, ler Simone, men gjentek at det viktigaste for dei er å gje ut det dei har lyst å gje ut.
