Tom Karlsrud har produsert musikk i 25 år, dei fem siste på heiltid frå studioet sitt i Lærdal Kulturhus. Det går for det meste i folkemusikk, men verdsmusikk og plata til Lærdalsbandet Longhorn har også vore innom studioet. I tillegg til å produsera musikk til eige plateselskap produserer Tom for andre musikarar og plateselskapet til Etnisk Musikklubb, ein slags «bokklubb» for etnisk musikk og folkemusikk.

– Som musikar er det enklare å gjenkjenne god lyd, forklarar han, som sjølv spelar trekkspel.
Han meiner ein ikkje kan ha ein reint teknisk tilnærming til musikken.
– Ein må ha eit emosjonelt forhold til det, og ha ein idé om korleis det skal låta.

Utstyret Tom treng har vorte billigare og mindre med åra, noko som gjer det enklare å drifta eit lite studio.
– Det hadde vore utenkjeleg å ha eit slikt studio i Lærdal for 30 år sidan.
Då han gjekk på Musikkhøgskulen i Oslo på 80-talet skjedde alt på fysiske spoleband. Ein måtte klippa banda heilt bokstaveleg, og moglegheitene for å angra seg var svært avgrensa.
– Klipte ein feil så kunne det ta dagevis å finna rett bit. Tom forklarar at han no nesten berre treng ei datamaskin med god programvare, i tillegg til mikrofonar og opptaksutstyr. Når han er ute å reiser bruker han ein laptop, men legg til at han av og til tar med seg litt meir utstyr om han treng det.

Det er lett å verta litt blind på kva ein eigentleg høyrer om ein sit for lenge med eit prosjekt. Då må han berre legge det vekk og koma tilbake til det seinare. Det er også fort gjort å verta lurt av dei gode høgtalarane i studioet.
– Folk flest har jo ikkje så gode anlegg heime. Så når noko er ferdig tar eg det med meg heim, eller i bilen, for å høyra korleis det eigentleg vil ta seg ut.

I folkemusikken er det vanleg å spela inn musikken i lag, i motsetjing til i popverda kor ein speler inn kvart instrument isolert. Det er for å få eit mindre polert resultat, og for å få meir samspel.
– Det er noko med den energien som oppstår når ein sit saman å spelar.
