I 2007 var Tor Yttri på Fjellfilmfestival på Turtagrø i regn og dårleg vêr, og vart overraska over kor mange som var komne til festivalen.
– Eg tenkte at det må gå an å få til ein vinterfestival i Sogndal dersom folk kjem til Turtagrø i dritvêr for å sjå film.
Han tykte det var for gale å reisa til Hemsedal frå Sogndal for å stå på ski.
– Det vart som å gå over bekken etter vatn, me har jo den beste snøen her i Sogndal.
Dette er bekrefta av klimaforskarar frå Bjerknessenteret i Bergen. Nedbøren som kjem over Jostedalsbreen vert kjølt ned slik at den kjem som turr og fin snø i Sogndalsdalen.

I 2008 gjekk den fyrste Fjellsportfestivalen av stabelen, med guida turar og kurs på dagtid og foredrag på kvelden.
– Me har fokusert på kunnskapsformidling frå dag ein. Kunnskap har vorte mote. No har alle flotte ski og dyre gore-tex jakker, og då er det kunnskap om ferdsel i naturen som gjer status. Det tykkjer eg er ein god mote.

Dei fyrste åra var festivalcampen i Sognehallen. Med innandørs skipark (med snø), spa og restaurant vart det litt mykje jobb innandørs for å arrangera ein utandørsfestival. No tek Sogndal Hotell seg av innlosjeringa, så arrangørane kan fokusera på det dei kan best.
NRK og Sogn Avis var viktige frå starten og skapte blest rundt festivalen. Tor understrekar at det lokale næringslivet har vore svært viktig for å realisera festivalen.

Tor driv til dagleg som fruktbonde i Leikanger og er ansatt i Sognekraft. Han meiner det er bra å sleppa dei unge til.
– No er eg berre ein av mange dugnadsarbeidarar. Det er viktig at festivalen vert utvikla og at dei unge tek den vidare. Det skal ikkje vera ein gjeng med gamle gubbar som sit å styrer
Fjorårets festival sette ny deltakarrekord med 1250 solde deltakarpass. Tor tykkjer det er kjekt at dei har sett Sogn på kartet som vinterdestinasjon.
– No ser ein andre mogleheitar i vinteren. Folk som før grua seg til vinteren greier knapt å venta no. Det gjer jo noko med stoltheita til oss som bur her.
