FULLSTAPPA: Det var trangt om plassen då det vart skipa til skredkveld i Sogndal på måndag.
FULLSTAPPA: Det var trangt om plassen då det vart skipa til skredkveld i Sogndal på måndag. (Sogndal VGS)

Folk i Sogndal gjekk mann av huse for å læra korleis dei kan ferdast trygt i fjellet

Ein sal full av studentar, vaksne og andre interesserte samla seg måndag kveld for å høyra om skredfarane og korleis du kan unngå dei.

Sogndal: Allereie kvarteret før arrangementet byrja var salen stappfull. Nokre av tilskodarane måtte finna seg i å stå heilt bakerst og i inngangane. I år var det omlag hundre fleire som stilte enn fjoråret og det er definitivt ny rekord.

– Det er heilt vanvitig, tenk at skred er så underholdande, spøker festivalsjef Ragnhild Fagerslett.

GODE VENER: Desse tre meiner samarbeidet mellom NVE, Høgskulen på Vestlandet og Fjellsportfestivalen har vore framifrå. (f.v Linda Hallandvik, Marit Svarstad Andresen, Ragnhild Fagerslett)
GODE VENER: Desse tre meiner samarbeidet mellom NVE, Høgskulen på Vestlandet og Fjellsportfestivalen har vore framifrå. (f.v Linda Hallandvik, Marit Svarstad Andresen, Ragnhild Fagerslett) Bilde: Sogndal VGS

Dette er andre året hennar som festivalsjef for Fjellsportfestivalen og ho tykkjer det er flott at så mange sogndøler har teke turen innom.

– Det viser jo at det er stor interesse og at folk vil læra om det. Me har òg gjort slik at dei som jobbar med skred har vorte godt presenterte for publikum. No veit folk kven som jobbar med skred, kva dei gjer, og kva innsats som vert lagt ned for at folk skal ha det trygt og godt i fjellet, seier Fagerslett.

På arrangementet stilte diverse føredragshaldarar. Det vart vist videoar frå folk som hadde blitt begrava i snøras.

Kvelden er eit samarbeid mellom Snøskredvarslinga i Noreg, Høgskulen på Vestlandet, Røde Kors med Luster og Sogn skredgruppe, Fjellsportfestivalen, Sogndal skisenter, Fri Flyt, Statens vegvesen, Norgesguidene og fleire. Fagerslett meiner at samarbeidet mellom så mange kan vera grunnen til at det vart så godt oppmøte.

– Sjølv om ein kanskje veit godt kva Røde Kors jobbar med, kan det vera interessant å få meir innblikk i kva Statens vegvesen jobbar med. Dei har jo folk med kjempehøg skredkompetanse. Det blir litt tverrfaglig nesten, berre innanfor skred, seier ho.

Til toppen