21: Totalt 21 vart med på turen Lærdal turlag arrangerte på Kongevegen - mange kom langvegsfrå for å oppleva den prisløna vegen.
21: Totalt 21 vart med på turen Lærdal turlag arrangerte på Kongevegen - mange kom langvegsfrå for å oppleva den prisløna vegen. (Bilde: Lærdal turlag)

Folk kom langvegsfrå for å gå historisk tur med Lærdal turlag

Men snittalderen vart ein del høgare enn turlaget hadde sett føre seg.

Lærdal: - I utganspunktet skulle dette vera ein familetur med famile og avkom - ein kosetur med litt innlegg frå historia v egen har å by på.Men så kolliderte turen med Lærdalsturneringa; det var einaste arrangementet me ikkje hadde plotta inn i årsplanen vår, seier nestleiar i Lærdal turlag, Rolf Engløkk.

Søndag arrangerte Lærdal turlag tur på Kongevegen i Lærdal. Ruta gjekk via Galdane, Rimskjold og Vindhella til Borgund stavkyrkje.

Men born var det dårleg med.

- Det var jo ikkje mindreårige i å det heile, den yngste var 24-25 år, og pensjonistane var i overvekt, fortel Engløkk.

Artikkelen held fram under biletet

FÅ SMÅ: Sjølv om det skulle vera ein familietur, vart det ein vaksentur på Kongevegen.
FÅ SMÅ: Sjølv om det skulle vera ein familietur, vart det ein vaksentur på Kongevegen.

 

Turboka blir full på eit blunk

Odd Helge Brugrand fortalde historia om Kongevegen under turen, og det trur Engløkk trefte den breitt samansette gruppa på 21 deltakarar.

- Brugrand trekte linjene heilt tilbake til steinalderen og fortalde om ting som ikkje er så godt kjent for ålmenta, så for dei som deltok på turen var det nok mykje nytt. Me visste ikkje om at vegen skulle få ein pris då me planlagde den, så me hadde deltakarar heilt frå Lofthus i Hardanger, Sunnfjord, Nordfjord og Ytre Sogn. Lærdølene var i mindretal.

Artikkelen held fram under biletet

FORTALDE: Odd Helge Brugrand ausa av sin historiske kunnskap for turdeltakarane.
FORTALDE: Odd Helge Brugrand ausa av sin historiske kunnskap for turdeltakarane.

 

- Er det vanleg at så mange utanbygds deltek på turane?

- Ikkje så mange, nei. Men under skiturane me har hatt på Sognefjellet kjem det gjerne utanbygds med - ikkje så mange som her, men nokre.

Engløkk fortel dei planlegg å ta ei ny etappe på Kongevegen neste år.

- Kanskje me held fram frå Borlaug og opp til Maristova - det verkar rimeleg i mitt hovud. Og at det er fleire folk som går Kongevegen no etter Europa Nostra-prisen ser me tydeleg; me har ei turbok hjå Smiheller i Vindhella, og den blir full på eit blunk. 

Til toppen