Årdal: – Veldig mange har kommentarar omkring det at det skal verta billigare å setja på maskiner nattetid, seier Steinar Drægni.
Facebook-posten hans om oppvaskmaskina som tok fyr midt under vask, har i skrivande stund vore delt 1500 gonger. Dermed har folk frå ulike krikar og krokar av landet kommentert saka på facebook-veggen til Drægni.
Mange av dei som har kommentert, går til åtak på dei nye straummålarane.

– Dersom dei nye straummålarane fører til at fleire folk set på klesvasken eller oppvasken om natta, so er ikkje det bra. Oppvaskmaskina mi som tok fyr var ei påminning om at ting kan skje, seier Drægni.
Mange av dei som har kommenterert saka hans fortel at dei òg har vore ute for at både nytt og gamalt elektrisk ustyr har teke fyr.
So er det mange som kommenterer at dei trur dei nye straummålarane som er i kjømda vil gje auka brannfare.
Her er tre døme:

«Tenk på kva den nye straummåleren vil tvinga fram. Det vert billegast å bruka straum når dei fleste er på jobb eller søv».
«Huff, der ser dei, dei som vil styra straumforbruket vårt med dyr straum om dagen gjennom dei nye målararane!»
«Tryggjande å sjå ettersom det vert oppmoda om å bruka desse apparata om natta når nye straummålarar og differensierte prisar slår til???
Kvar er brannvesenet og forsikringsselskapa i denne diskusjonen???»
- Les også: No kjem dei nye straummålarane
Difor tenkjer folk at dei nye straummålarane byd opp til natteoppvask og brannfare
Når dei nye straummålarane har vortne installerte, vil det verta med straumavtalar som med mobiltelefonavtalar, at ein kan kjøpa eit abonnement som passar til seg og sine forbruksvanar.
Dei nye straummålarane vil nemleg ikkje berre lesa av det totale forbruket til kundane, men vil spesifikt fortelja om straumforbruket på ulike tidspunkt på døgeret.
– Nett- og kraftleverandørane vil koma til å lokka med abonnement som gjev tilbod om billig straum til visse tider om døgeret. Det vil vera tidspunkt når folk flest ikkje lagar mat eller brukar mykje energi, fortalde Bjørn Hunshammer frå Årdal Energi til Porten.no tidleg i januar i høve eit intervju om dei nye straummålarane.
Og det er dette som gjer at folk uroar seg, dei fryktar at nye abonnement vil gje kundar rabatt om dei set på straumkrevjande apparat nattetid.

Hunshammer sa at kundar som takkar ja til abonnement som gjev rabattar andre tider på dagen enn morgon og ettermiddag, samstundes vil gå med på å betala meir for straumen medan straumtoppane pågar. Det er tidleg om morgonen eller når folk flest kjem heim frå jobb.
– Kraft- og nettleverandørane kjem til å lansera ei rad ulike abonnementsalternativ for kundane, og det vil verta opp til folk å velja det alternativet som gagnar dei best, sa Hunshammer.
Everksjefen i Årdal Energi, Jørgen Luggenes, vil ikkje utelukka at nokre el-byrå kan koma med abonnement som freistar å lokka kundane til å bruka meir straum om natta.
– Men det er ikkje fornuftig. Me i Årdal Energi råder alle frå å bruka til dømes oppvaskmaskina om natta. Det går på el-tryggleik, seier Luggenes.
Han legg til at Årdal Energi ikkje vil koma med noko form for lokketilbod som skal gjelda nettene.

Både han og Hunshammer seier tanken er at dei som underteiknar eit skreddarsydd abonnement vil leggja seg i selen for å unngå unaudsynt straumforbruk under straumtoppane, men utan å ty til nattetimane.
Slik vil folk få høve til å spara pengar samstundes som dei bidreg til at det totale straumforbruket i ein by eller kommune vert jamnare fordelt utover dagen.
Målet er at el-bilar ikkje vert lada samstundes som du lagar middag
Everksjefen har god tru på at dei nye straummålarane vil verta samfunnsnyttige.
– Når folk kjem heim frå jobb går det særleg mykje straum når dei skal laga seg mat. Dei nye induksjonsomnane trekkjer store mengder straum. Då er det betre at dei ladar el-bilen seinare på kvelden, seier han.
Det same gjeld klesvasken og oppvasken.
– Dette handlar om å spare nettet. Om alle slår på alt samstundes, so tyner det nettet. Det er betre om me kan unngå å belasta nettet so voldsomt over kortare periodar. Nettleiga vert billigare om me ikkje treng å byggja ut eit so kraftig nett, seier Luggenes.
Han meiner at dei nye straummålarane kan spela ei positiv rolle i dette stykket.
Eit døme på noko som kan svara seg i framtida, kan vera å ta morgondusjen på kveldstid, når nettet er mindre belasta.