Lærdal: I Gamle Øyri i Lærdal er eit nytt butikklokale fylt med lys. I det som tidlegare heitte Lindstrømbui er det passande nok opna landhandel. I helga opna dørene for første gong, og det kunne knapt ha gått betre.
– Me var litt nervøse for korleis det skulle gå, men det var stappa fullt. Mange snudde i døra fordi det var så lang kø. Spesielt laurdag var det heilt vilt, fortel Ivar Petter Grøtte.
– Særleg turistane var opptekne av multe, stikkelsbær og rips, dei litt eksotiske sortane som ikkje er standard i butikken i heimlandet. Også merker som Balholm og Frigard gjekk unna.
Smakar frå regionen
I den nye landhandelen som har opna, finn du smakar frå heile Sogn, men også frå resten av fylket og til og med nokre innslag frå utanfor fylkesgrensene. Limonade, syltetøy og mjøl. Dette er ekte lokalmat frå produsentar i nærområdet. Det vert også jobba med å få på plass lokalt øl.
Landhandelen er eit samarbeid mellom Lærdal Grønt og Smak av Sogn. Ideen har oppstått i kjølvatnet av arbeidet førstnemnde har drive med dei seinare åra, som rett og slett handlar om korleis ein skal veksa vidare.
– Då har me tenkt at me bør ta med oss heile Sogn og at Lærdal Grønt bør vere ein motor. Hardanger er flinke på å profilere frukta si med festivalar og slikt, men berre i Lærdal produserer me meir moreller enn heile Hardanger. I Sogn er me vesentleg større enn Hardanger på frukt og bær. Og det er her Smak av Sogn kjem inn, forklarar Grøtte.
– Noko som manglar
Med logoen til Smak av Sogn på vindauga og eit lokale fylt opp med produkt frå heile regionen og bilete som syner kor produkta stammar frå, får ein nettopp inntrykket av at her er smakar av Sogn.
Artikkelen held fram under biletet.

– Me har vore på mange studieturar, og i ein rapport som me har laga, er det eit 30-tals døme på slike butikkar over heile Noreg og i utlandet. Dette er vår versjon. Det er opplagt at det må vere noko slikt i Sogn. Ser ein på kartet, er det ikkje noko slikt frå før.
– Då er ikkje dette først og fremst eit utsal, men først og fremst handlar det om å lære kundane opp i produkta våre. Når kundane kjem tilbake til Bergen eller kor det måtte vere, så etterspør dei desse produkta.
Planar på Håbakken
I første omgang er landhandelen ei slags utprøving gjennom sommaren. På sikt er målet å flytte opp på Håbakken – planar Porten.no har omtalt tidlegare, og som no er inne i det kommunale systemet.
– No er det sommar og mykje turistar her. Korleis skal de klare å halde det gåande når turistsesongen er over?
– Det vil tida vise, og det må marknaden fortelje oss. Me må ta ei oppsummering om eit par månader. Det er mogleg me stenger i dei periodane det er lite folk, og så har me ope til dømes under julemarknad eller i helgene. Me skal jobbe hardt for å nå ut til publikum, seier Helene Maristuen.
Det er også verdt å ta med at landhandelen er tredelt. I tillegg til sal av lokalmat, finn ein også turistkontoret som er flytta frå kulturhuset, og produkt frå Felleskjøpet.