FERIE: Mange sogningar har lagt vinterferien til skianlegget på Tyin Filefjell førre veke. Foto: Tyin Filefjell
FERIE: Mange sogningar har lagt vinterferien til skianlegget på Tyin Filefjell førre veke. Foto: Tyin Filefjell

Folk strøymer til fjells i vinterferien

Tyin Filefjell har hatt ein kanonstart på årets skisesong med ein god oppgang frå i fjor.

Sogn og Fjordane endra vinterferien sin til veke 7 i år, noko som har hatt svært gode ringverknad på skitrafikken på Tyin Filefjell skisenter.

- Vi har hatt ein god del oppgang denne veka samanlikna med same veke i fjor. Vinterferien i fylket har forandra seg, så det er ikkje alltid like enkelt å samanlikna åra, seier Magne Grihamar til Porten.no Han jobbar som marknadsansvarleg for Tyin Filefjell.

- Har stor kapasitet

- Vi reknar med at det blir bra med trøkk dei kommande vekene også. Men vi har nok av kapasitet, så det skal vi nok klare, seier Grihamar.

Dette er den siste helga med vinterferie for sogningane og ifølge Grihamar, var det mange lærdøler og årdøler som hadde nytta ferien til ein tur i skitrekket.

Les også: Nydeleg vêr frista skifolket til fjells i helga

Tyin Filefjell

- Det har vore mange folk oppe i fjellet i dag og eg har trua på at det vil komme fleire dei neste vekene. Bergen har gjort ein del endringar med vinterferien sin, men i neste veke har vertfall Oslo ferie, så då vert det nok ein del austlendingar å sjå, seier han.

I veke ni tek Oppland vinterferie og då trur skigjengen på Filefjell at fleire lokale kjem til å nytte høvet til å spenne på seg skia.

Fine forhold og puddersnø

Forholda i fjellet har vore svært bra dei siste to vekene.

- Det har vore ein del nedbør, men ikkje altfor kaldt. Dei fleste dagane har det vore sol og blå himmel. I natt kom det eit lågtrykk som resulterte i 15 centimeter med puddersnø over heile område, seier Grihamar.

Les også: Over hundre deltakarar i skisporet

Laurdag var det litt overskya, men ifølge Grihamar, var himmelen på veg til å bli blå igjen då Porten.no ringde.

- Temperaturen ligg på mellom - 5 og - 6 grader og det er relativt lite vind, seier han.

Hovuddestinasjon for sogningar

Sjølv om det er siste feriehelga for sogningar, betyr ikkje det at det vert mindre av dei i helgene som kjem.

Tyin Filefjell

- Det går skibuss frå Lærdal kvar laurdag, så det kjem nok til å komme ein del sogningar framover. Tyin Filefjell er tross alt hovuddestinasjonen for skiglade folk i Årdal og Lærdal. Det er eit par mil kortare hit enn det er til Hemsedal, seier han.

Frå gammalt av er Lærdal og Årdal historisk knytta til fjellområda på Filefjell. Det finst mange stølar i område og fleire årdøler og lærdøler har hytter i fjellområda.

- Det er like mykje Lærdal sitt fjell som Vang. I tillegg kjem det ein del folk frå Sogndal, Førde, Leikanger og Florø. Mykje bergnsarar og austlendingar har også hytte her.

Full fart på barneskirenn

I veke 7, 8 og 9 arrangerast det skirenn for dei minste på Tyin Filefjell skisenter.

- Det har vore ein del ungar innom. Dagane går i leik og moro med mykje aktvitetar på barneområde. Det pleier å vere opp i mot 30 born med på skirenna, seier Grihamar.

Sjølv om det ikkje er noko nedre aldergrense, pleier det å vere born mellom 4 og 10 år som deltek.

Neste helg skal Lærdal Idrettslag samarbeide med Vang Idrettslag om å setje opp eit barneskirenn på Tyin Filefjell skisenter.

Til toppen