BEITEDYR: Sauene ved Tyin og elles på Filefjell lever godt på utmarksbeite, men bøndene som har sauene sine i området er bekymra over at dei stadig opplever hundeeigarar som ser stort på bandtvangen. Foto: Line Svien. 
BEITEDYR: Sauene ved Tyin og elles på Filefjell lever godt på utmarksbeite, men bøndene som har sauene sine i området er bekymra over at dei stadig opplever hundeeigarar som ser stort på bandtvangen. Foto: Line Svien. 

– Folk tek ikkje bandtvangen på alvor

Bøndene med sauer på Filefjell og omegn har ved fleire høve opplevd lause hundar på sprang etter buskapen sin. I helga vart eit lam jaga ved Biskopvatnet, sør om Sletterust. 

Årdal/Lærdal/Vang: – Hundar skal faktisk vera i band no på denne tida, også i fjellet. Eg trur folk veit om det, men ikkje alle tek bandtvangen så tungt, tydelegvis. Det blir eit problem for oss som har sauer i utmarka. Og problemet ser ut til å vera aukande, seier Ingrid Eri.

Ho har sauene sine på Filefjell, og eig lammet som i helga vart jaga av ein hund. Turgåarar observerte hendinga som fann stad ved Biskopvatnet, som ligg mellom Frostdalen og Sletterust.

Medteke lam

Eri har fått beskjed av turgåarane om at lammet til slutt gjekk seg fast i ein bekk etter at det hadde vorte jaga av den lause hunden. Dei hadde ikkje funne synlege skader på lammet, men informerte henne om at det var medteke. 

– Når lam eller søyer blir jaga slik kan dei få indre skader. Me seier at dei blir sprengde. Då kan dei bukka under ein dag eller to seinare. Så eg veit ikkje sikkert korleis det gjekk, og det er nesten det verste, seier Eri.

Generel bandtvang gjeld over heile landet frå 1.april til 20.august, men i områder med beitedyr og/eller tamrein er dette som regel utvida. I Årdal og Lærdal er det bandtvang til 1.november ettersom fjellområda altså blir brukte til beitedyr.

Kven som eigde hunden ved Biskopvatnet er førebels uvisst, og for Eri sitt vedkomande er poenget å gjera hundeeigarar generelt klare over kva som kan skje dersom hundar får gå fritt når det er bandtvang.

– Dei må vita at sauer som blir jaga av hund kan bli sprengde. Hunden vil leika eller har eit instinkt for å jaga sau, så det er ikkje hunden sin feil. Men eigaren har eit ansvar for å følgja reglane.

Tidlegare veterinær, Kåre Rudningen, forklarar kva som skjer når ein sau blir sprengd:

– Det er eit folkeleg uttrykk som eigentleg betyr at både respirasjon og sirkulasjon blir overbelasta og stoppar opp. Det eine forverrer det andre så sauen ikkje får oksygen i blodet til slutt. Sauen kjenner sjølv når den er i grenseland og vil då leggja seg ned. Blir den då jaga opp att av til dømes ein hund skjer dette.  Ein vil kunne avdekka "sprenging" på eit kadaver ved obduksjon, men for meinigmann er det nærast umogleg å sjå.

– Aukande problem

Ein annan sauebonde med buskapen sin i same området er Kjell Gunnar Svien. Han og kona Line har sauene sine hovudsakleg i området sør om Tyinvatnet og driv verksemda "Tyinlam".

Svien fortel dei stadig opplever hundar som går lause.

– Eg opplever det som eit aukande problem, beklagelegvis. Det er veldig leitt og fortvilande, for me som har sau er utmarksbeitet ein føresetnad for å driva - det er vårt gull. Og me kan bruka naturen i harmoni alle saman, dersom folk held seg til regelverket.

I fjor mista han seks sauer og lam som var jaga til dei sprengdest. Ettersom han sjølv ikkje såg kva som jaga sauene vil han ikkje påstå at det var hundar. Men han ser stadig eigarar som let hundane sine gå lause i tida med bandtvang.

– I år har me vore ekstra merksame på dette og eg har fleire gonger teke lause hundar "på fersken". Me må ut og vera politi sjølve. Det er kjedeleg og ubehageleg, for me får som regel ei skyljebøtte tilbake. Ingen har kontroll på ein hund som ikkje er i band. Dette er vår største utfordring i området her utan kjend rovdyrproblematikk.

Artikkelen held fram under biletet

I BAND: Tre "tyinlam" følgjer med på turgåarane i bakgrunnen. Dei er trygge ettersom hunden er i band.
I BAND: Tre "tyinlam" følgjer med på turgåarane i bakgrunnen. Dei er trygge ettersom hunden er i band.

Har rett til å avretta hundar som jagar buskap

Lause hundar i fjellet når det er bandtvang kan også vera eit problem for jegerar, fortel Kvien.

– Når folk ikkje har kontroll på hundane sine kan dei skremma opp og jaga rupekull. Her er det jegarar som betalar for å jakta lovleg, og det er synd om dei får jakta øydelagd fordi hundeeigarar ikkje held seg til regelverket.

Han understrekar likevel at han er glad for alle hundeeigarar som nyttar fjellet, så lenge dei held hundane i band når dei skal.

– Det kan vera ti gonger så mykje folk i fjellet, for all del. Poenget er ikkje å finna syndebukkar, men å koma med ei generell oppmoding og opplysning om kva som er lov og ikkje. Me sauebønder eller andre som har vår fullmakt er faktisk i vår fulle rett til å avretta hundar om me ser at dei jagar sau. Det håpar eg for all del me unngår. Men eg er bekymra over utviklinga eg ser når det gjeld haldninga til bandtvangen. Og blir me nøydde til å gå så drastisk til verks, kan det bli aktuelt.

Meir om regelverket for bandtvang kan ein lesa her. I tillegg gjeld altså lokale føreskrifter om utvida bandtvang i visse områder, og i både Lærdal, Årdal og Vang er bandtvangen utvida. 

 

Til toppen