REDNING: Eigarar og hundane deira øvde på søk og redning med helikopter onsdag på Filefjell. Foto: Camilla Skjær Brugrand
REDNING: Eigarar og hundane deira øvde på søk og redning med helikopter onsdag på Filefjell. Foto: Camilla Skjær Brugrand

- Folk utfordrar naturen meir enn før

Denne veka trenar Norske Redningshunder med å finna folk som har blitt teken av snøskred på Filefjell. 

Det er nærast orkantilstandar då det svære redningshelikopteret landar på parkeringsplassen ved Filefjell skianlegg. 

Nokre av hundane bjeffar, andre er urolege, medan nokre sit heilt i ro og følgjer med på det som skjer. Porten.no vart med då redningsmannskapet skulle trene på søk med Sea King helikopter onsdag føremiddag. 

- Eg har vore med på mange redningsaksjonar før. Sist var det ein skred som hadde gått i Myrkdalen ved Vikafjellet. Her i vest går det mykje snøskred, seier Jan Erik Grande. 

Den fjellvante vossingen har vore medlem i Norske Redningshunder i 10 år. Før det har han delteke i fleire frivillige redningsorganisasjonar. I dag har han med seg den 4,5 år gamle hunden sin Pippi, slik at ho skal bli godkjent som redningshund om vinteren. Frå før av har ho delteke på redningsoppdrag om sommaren. 

Rekordmange påmelde

Denne veka har 55 hundar og deira eigarar innlosjert seg på Filefjellstuene, like ved skitrekket på Filefjell. 

Årets hovudkurs på Sørlandet for norske søk- og redningshundar er i full gang.

- Det tek tre år med trening før ein kan visa kva ein er god for under dette kurset. Her vil hundane og førarane bli testa ut, og om dei består, vert dei godkjent som redningshundar, seier Mick Sheard, kursleiar. 

I år er det rekordmange som har meldt seg på kurset. Det er 46 deltakarar som er inndelt i seks forskjellige lag. Ni andre hundar som allereie er godkjente, er også med for å testa ut nye søk- og redningsmetodar.  

Etter at ein hund er godkjent, må eigaren annankvart år ta med hunden på eit nytt kurs slik at ferdigheitane skal oppretthaldast.

Søv i snøhole og søkjer etter snøskred

Deltakarane bur på hyttene som Filefjellstuene leiger ut, men ei gong i løpet av seks-dagars-kurset, skal eigarane og hundane såve ute i snøholer. 

- Det er veldig mykje som skjer oppe i fjella no. Då er det godt med god velvilje frå både politiet og kommunen, seier Sheard. 

Norske Redningshunder samarbeidar med ein dansk folkehøgskule som undervise i fjellområda på denne tida av året. 

- Elevane er med som statistar. Det vil seie at vi graver dei 1,5 meter ned i snøen på eit 150 x 150 meter areal og set hundane til å søkje etter dei. Her blir det liggande mellom fire til fem timar. Det er ikkje farleg, seier Sheard. 

Skummel statistikk

Om eit snøskred går, har du 90 prosent sjanse for å overleve. Dersom ein får ein mekanisk skade, og treffer noko, har ein 15 minutt til å bli redda før det er for seint. 20 prosent av desse overlever. 

- Det viktigaste er kameratredning. Om det går eit snøskred er det uhyre viktig for dei som ikkje blir tekne og grava etter andre. Snøen pakkar ein tett inn som betong. Om ein er heldig så landar ein ved sidan av ei busk eller ein stein. Då får ein vertfall ei oksygenlomma. Om ein ikkje blir redda ut herifrå, er det kulden som tek ein, seier Sheard. 

Personen som har overlevd lengst etter eit snøskred var ein same i Nord-Norge. Han låg begravd i tre døgn, men var heldig å hamna nær ein stein. I tillegg hadde han med seg ei rype i sekken, slik at han hadde mat fram til han vart funnen. 

- Det viktigaste er å ikkje få panikk, seier Sheard. 

Meld i frå - ellers må ein betale

Norske Redningshunder samarbeida med  Røde Kors sine hjelpekorps i Valdres og Lærdal, Norsk Folkehjelp i Årdal, Tyin Ski, og Politiet i Valdres. 

- Om ein utløyser eit skred, eller er vitne til eit, må ein melde frå med ein einaste gong. For ikkje så lenge sidan var det ein gut som utløyste eit skred på Lillehammer, men som ikkje melde frå fordi han var redd for å mista skikortet sitt. Då var det sett i gang ein stor redningsaksjon for å finna han. Alt vi såg var den eine skien som låg igjen i skredet, seier Sheard. 

Ein får ikkje bot om ein utløyser eit skred, men ein kan miste skikortet om ein køyrer i løyper som tydeleg er merka med skredfare. Derimot kan ein måtte betala erstatning om skredet resultera i ein stor leiteaksjon og ein ikkje seier ifrå. 

Helikopter-hjelp frå Florø

Under onsdagens øvingar deltok også seks menn med Sea King helikopter frå Florø. Det gigantiske helikopteret kan ta opp til 39 menneske og skal seinare på dagen frakta ein flokk hundar og deira eigarar lengre opp i fjellheimen. 

- Kvart år vert vi kalla ut til mellom fire og seks skred i Sogn og Fjordane, seier Leif Hamre, som er fartøysjef denne dagen. 

Hundeeigarane brukar mellom 1-4 dagar minst i veka på å halda hundane i form. 

- Om folk hadde vist kor mykje tid og arbeid vi legg ned, så hadde dei undra seg om vi var heilt i vater, seier Jan Erik Grande. 

For han er det ikkje unaturleg å drive med redningsarbeid. Etter mykje erfaring, er han fullt klar over kva som må til for ein vellukka redningsaksjon. 

- Det kreve mykje repitisjon og øving. Ein redningshund er ikkje noko ein set i gang med, for så å gå inn i stova å setja seg. Dette forholdet er heile tida, seier han. 

Meir vågale skifolk

- For oss er målet å vera med i eit samvirke som Norske Redningshunder, å bidra til å finna og redda folk. Det er det som driv oss og som får oss til å leggja ned så mykje energi, seier Grande. 

Ein skal både ha kondisjon sjølv og på hunden for å ha redningsarbeid som fritidsinteresse. Samspelet mellom eigar og hund er heilt avgjerande for å få eit godt resultat. 

- Hunden er eit reiskap for oss. Det har med kor raske vi er til å finna folk som er nedgravd, ikkje trøytta ut hunden, disponera den riktig i eit søk og ta vare på hunden si helsa. Eg har til dømes potesokkar på Pippi slik at ho ikkje skal få is på potane, seier Grande. 

Når alarmen fyrst går, er det ofte kaotiske tilstandar. 

- Oppstarten er kaotisk, men så kjem ein inn i ein rytme. Då vert det roleg og det går systematisk derifrå. Folk utfordra naturen mykje meir enn før. Dei våga meir og det er difor eit aukande behov for redningsmannskap, avsluttar Grande før han og Pippi hoppar inn i helikopteret. 

Til toppen