FOLKSAMT: Ungdomshuset i Seimsdalen var smekka fullt på julemarknaden.
FOLKSAMT: Ungdomshuset i Seimsdalen var smekka fullt på julemarknaden. (Halvor Farsund Storvik)

Folk valfarta til Seimsdalen for å sikra årets julegåver

Julemarknaden i ungdomshuset vart ein ubetinga suksess, i år igjen.

Seimsdal: – Det er heilt fantastisk tillaga og folk er så positive. Dei har så mykje heimelaga, så mykje god mat og fine ting at det er heilt overveldande, seier Irene Lad Johnsen.

JULESTEMNINGA SIKRA: Iselin Oksholen og Irene Lad Johnsen tok seg tid til ein matbit mellom julegåveshoppinga.
JULESTEMNINGA SIKRA: Iselin Oksholen og Irene Lad Johnsen tok seg tid til ein matbit mellom julegåveshoppinga. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Ho var ein av eit hundretals årdøler som hadde funne vegen til ungdomshuset i Seimsdalen denne laurdagen.

I år er andre gongen det blir arrangert julemarknad her og bygdafolket har allereie omfamna konseptet. Bak kulissane jobba styret og arrangementskomitèen på spreng for å tilby mat og drikke til folket og orden i det glade kaoset.

– Det går fint. Alt er i rute så det skal gå bra, seier Ingunn Skjelbreidalen.

Trass i at det vart hektisk for dugnadsgjengen, seier ho det berre gjev motivasjon til å stå enno meir på.

– Viss det hadde vore dårleg oppmøte, så hadde me ikkje orka. For det er ganske mange timar som går med til å rigga, avtale med utstillarane, pynta og stå på kjøkenet, seier ho.

Med stort trykk i kiosken er julemarknaden med på å sikra nokre klingande mynt i kassen for ungdomslaget. Men det er ikkje den viktigaste motivasjonen for at dei gjer dette.

– Me gjer dette her mest for å skapa litt liv og røre i Seimsdalen. Sånn økonomisk tener me ikkje enormt på dette her, akkurat, seier Skjelbreidalen. 

GLAD DUO: Sissel Seim og Ingunn Skjelbreidalen i Seimsdal ungdomslag inviterte i år til julemarknad for andre gong.
GLAD DUO: Sissel Seim og Ingunn Skjelbreidalen i Seimsdal ungdomslag inviterte i år til julemarknad for andre gong. Bilde: Halvor Farsund Storvik
Til toppen