UVÊR: Meteorolog Gunnar Livik advarar mot storm og dårleg føre på fjellet 2. juledag. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun. 
UVÊR: Meteorolog Gunnar Livik advarar mot storm og dårleg føre på fjellet 2. juledag. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun. 

Folk vert bedne om å halde seg inne

Meteorologane melder kraftig vind og mykje nedbør 2. juledag.

Meteorologane melder kraftig vind og mykje nedbør 2. juledag. Folk vert råda til å halde seg inne denne dagen. 

Meteorolog Gunnar Livik fortel til Porten.no at morgondagen vil bli fylt med mykje vestavind innerst i fjorden. 

– Uvêret vil mest truleg opplevast forskjellig, alt etter kor du er hen. Nokre vil kanskje ikkje merke så store forskjellar, men ein skal likevel ikkje sjå fekk ifrå at det plutselig kan kome kraftige vindkast. 

Han fortel vidare at rundt kl 17:00 i morgon vil det gå frå vestavind til nordvestvind. 

Frarådar folk å reise

Livik informerar om at fjellet vil bli prega av sterk vind, og nokre stadar full storm. Han rådar derfor folk om å halde seg inne denne dagen. I tillegg vil det kome mykje nedbør, og dette kan sjølvsagt bli ein utfordring med tanke på fjellovergongane. Han påpeikar at det kan kome uventa vindkast sjølv om det verkar roleg.  

Fylkesberedskapsjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, meiner det same: 

– Om ikkje folk må ut og reise på 2. juledag, så bør folk halde seg heime. Om det går an å utsetje turen, så gjer det, fortel han til NRK

Førebudd seg for stormen

Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt har brukt julehelga på å førebu seg på uværet Urd. Dei fortel på facebook-sida si at alle leiarane i FIGene og FIGPene har vore innom lageret for å teste nødnett og satellitt-samband, samt sjekka at anna materiell er klar for ein eventuell innsats under stormen.

Uvêret vil vere på sitt verste på ettermiddagen, men truleg roe seg ned natt til tirsdag. 

 

 

 

Til toppen