INGEN TVIL: Fronten på GLC-en gjer det heilt klart at dette er ein Mercedes. Stjerna er stor. (Foto: Jan Harry Svendsen)
INGEN TVIL: Fronten på GLC-en gjer det heilt klart at dette er ein Mercedes. Stjerna er stor. (Foto: Jan Harry Svendsen)

Folkebil med stjernesus

Den nye GLC-en til Mercedes kjem både som ladbar hybrid og med tradisjonelle dieselmotorar. Vi har køyrt han med den 170 hestekrefter sterke dieselmotoren.

Mercedes har nyleg snudd opp og ned på modellnemningane sine. Framleis er A-, B-, C- E og S-klasse pålane, men blant anna SUV-ane har fått nye nemningar. Samlenemninga på dei høgreiste er no GL, mens den siste bokstaven viser kva klasse modellen høyrer til. Dermed er GLC, bilen vi no køyrer, ein bil som i stor grad byggjer på C-klassen.

Førarmiljø frå C-klassen

Det blir òg tydeleg når ein set seg inn bak rattet. Førarmiljøet er som snytt ut av ein C-klasse. Dermed får bilen eit gedigent uttrykk. Han verkar eksklusiv og påkosta. Men samtidig tar han med seg nokre særdrag frå C-klassen som vi ikkje liker like godt. Den digre midtkonsollen er eitt av dei, og skjermen, som ikkje er optimalt integrert, er eit anna.

Men køyrestillinga er god. Seta er komfortable og har fleire ulike innstillingar. På lange turar sit ein som ein konge i ein bil der komforten tel aller mest.

Artikkelen held fram under biletet. 

RYDDIG: Førarmiljøet stammar for det meste frå C-klassen. Det er ryddig, og den opplevde kvaliteten er høg, men kvifor er ikkje skjermen betre integrert?
RYDDIG: Førarmiljøet stammar for det meste frå C-klassen. Det er ryddig, og den opplevde kvaliteten er høg, men kvifor er ikkje skjermen betre integrert?

170 hk

Derfor duvar han dovent over humpar og dumpar, mens dei 170 hestekreftene i den 2,1 liter store dieselmotoren framfor alt sørgjer for ei komfortabel framdrift. For sjølv om testbilen var utstyrt med ein eigen veljar for dei ulike køyreprogramma, er det få som nokosinne kjem til å finne noka glede i å velje Sport eller Sport pluss. Køyredynamikk er ikkje det denne bilen er best på – og det skal det heller ikkje vere.

Artikkelen held fram under biletet. 

KOMMANDOSENTRAL: Frå denne eininga på midtkonsollen styrer du dei fleste av funksjonane i bilen.
KOMMANDOSENTRAL: Frå denne eininga på midtkonsollen styrer du dei fleste av funksjonane i bilen.

Men det ein skal vere merksam på, er å velje rett program før køyring i djup snø. I Comfort-programmet blir nemleg framdrifta effektivt strupt av elektronikken når hjula byrjar å spinne. Da mistar du òg momentet framover og kan lett køyre deg fast. Eit eige snøprogram som ryddar enkelt opp i desse problema er sjølvsagt på plass i GLC – men det gjeld at du vel dette før du køyrer deg fast.

Silkemjuk

Mercedes har ein vinnar med GLC-en. Han posisjonerer seg i ein klasse der kundane er mange, han er ikkje for prangande, men framleis elegant nok til at du ikkje blamerer deg sjølv, samtidig som han er rommeleg og komfortabel.

Med den kultiverte dieselmotoren har du i tillegg ei drivlinje som er silkemjuk og effektiv, også når vegen blir dårleg. Firehjulsdrifta er òg effektiv og gjer sitt til at bilen tar seg lettare fram, men aukar òg stabiliteten på glatte og svingete vegar.

Vent på den ladbare

Men same kor kultivert dieselmotoren er, blir storseljaren ei heilt anna utgåve av GLC-en. For den ladbare hybriden gir ikkje berre høve til å køyre heilt utan forbrenning – han reduserer òg gjennomsnittsforbruket på lengre etappar. Samtidig er han ein økonomisk gåvepakke.

Artikkelen held fram under biletet. 

DIESEL: Vi køyrde dieselutgåva av GLC-en med 170 hestekrefter. Det er eit komfortabelt alternativ, men rådet er uansett å vente på den ladbare hybriden.
DIESEL: Vi køyrde dieselutgåva av GLC-en med 170 hestekrefter. Det er eit komfortabelt alternativ, men rådet er uansett å vente på den ladbare hybriden.

Med dei 320 hestekreftene og eit dreiemoment på 560 Nm blir GLC 350e ein kraftplugg. Samanlikna med testbilen klarer den ladbare utgåva akselerasjonen frå 0 til 100 kilometer i timen på 5,9 sekund – mens dieselutgåva bruker 8,3 sekund. Samtidig kjem prisen til å liggje på omtrent same nivået som for dieselutgåva som vi køyrer her. Når vi i tillegg veit kva for føringar politikarane er i ferd med å leggje for dieselbilane, er reknestykket enkelt. For i tillegg til ein gunstig pris blir også verditapet mindre på den ladbare hybriden.

Dermed verkar det tydeleg at den største konkurrenten til GLC 220d kjem frå eige hus. (©NPK)

Artikkelen held fram under biletet. 

DIGERT: Bagasjeplassen på 550 liter bør halde for dei aller fleste. Bakseta i testbilen er delte.
DIGERT: Bagasjeplassen på 550 liter bør halde for dei aller fleste. Bakseta i testbilen er delte.

Tekniske data

Pris testbil (utan utstyr): 591 600,-

Motor: 4-syl diesel. Turbo. 2143 ccm. 170 hk v. 3000 o/min. 400 Nm v. 1400 o/min.

Aks.: 0– 100: 8,3 sek

Toppfart: 210 km/t

Forbruk: 0,50 l/min

Utslepp: 129 gram

Mål (LxBxH): 4656x1890x1639 mm

Akselavstand: 2873 mm

Bagasjerom: 550/1600 liter

Eigenvekt: 1770 kg (©NPK)

Til toppen