Folkefest og løyperekord på Filefjell

Påskeskirennet på Filefjell trakk masse folk både i og utanfor løypa. Sjå bileta!

Med strålande sol var den perfekte påskestemninga sikra til årets Filefjellrenn.

Petter Kaarby frå Oslo fullførte 20 kilometeren på litt over ein time og sju minutt, omlag halvminuttet raskare enn den gamle rekorden, ifølgje filefjellrennet.com. Beste lokale løpar i herreklassen var Eskil Hov frå Kaupanger IL på fjerdeplass, sju minutt bak vinnaren. Kvinneklassen vart vunne av Ragnhild Femsteinvik, eitt sekund foran Astrid Bruland på andre.

Men prestasjonane i løypa var ikkje det einaste som trakk folk til skisenteret denne dagen. Arrangørane hadde òg invitert til påskelunch og langfredagsgudsteneste i same området. Prest Ingebjørg Vik Laugand i Vang hadde for høvet fått laga eit alter av snø.

Til toppen