Folkefleirtalet seier nei til kommunesamanslåing

Folkefleirtalet seier nei til kommunesamanslåing

Fleirtalet av dei spurte ønskjer å behalde kommunen sin slik han er i dag, viser ei meiningsmåling Sentio har laga for klassekampen.

Årdal/Lærdal: 55,9 prosent svarar at deira kommune burde vera slik han er i dag. 35,5 prosent seier ja til samanslåing med éin eller fleire av nabokommunane, medan 8,6 prosent ikkje har noko meining i saka eller er usikre, syner Klassekampens Sentio-måling.

Det er berre blant veljarar som stemmer Høgre at det er fleirtal for kommunesamanslåing. 53,1 prosent av dei som har Høgre nærast sitt hjerte, er for samanslåing.

I motsett ende er det Senterpartiets veljarar som er minst ivrig for kommunesamanslåing. 71 prosent av dei vil behalde dagens kommunestruktur. (©NTB)

Til toppen