FOLKEMØTE: Fleire stader rundt om i landet blir det no arrangert folkemøte der landbruks- og matminister Jon Georg Dale og leiaren i Bondelaget Lars Petter Bartnes møtest for å diskutera den nye jordbruksmeldinga. ​På biletet er leiar i fylkeslaget Anders Felde. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag.
FOLKEMØTE: Fleire stader rundt om i landet blir det no arrangert folkemøte der landbruks- og matminister Jon Georg Dale og leiaren i Bondelaget Lars Petter Bartnes møtest for å diskutera den nye jordbruksmeldinga. ​På biletet er leiar i fylkeslaget Anders Felde. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag.

Folkemøte om den nye jordbruksmeldinga

Fleire stader rundt om i landet blir det no arrangert folkemøte der landbruks- og matminister Jon Georg Dale og leiaren i Bondelaget Lars Petter Bartnes møtest for å diskutera den nye jordbruksmeldinga. 

Fylket: Meldinga blei lagt fram før jul og har vekt sterk debatt. Det blir sagt at mykje står på spel for norsk landbruk. No er det duka for nye diskusjonar.

Det første folkemøtet går av stabelen i Jølster 24. januar. 

– Dette blir eit fellesmøte for Sogn og Fjordane og Hordaland, seier seniorrådgjevar Ståle Norang i Landbruks- og matdepartementet til Nynorsk pressekontor.

I tillegg til Dale og Bartnes, skal også fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, halda innlegg. 

Stormøte på Jæren

30. januar går turen vidare til Jæren, nærmare bestemt Varhaug. Der samlast bøndene kvart år til ei storsamling. I år brukar dei samlinga til å setja søkjelys på den nye jordbruksmeldinga. Ifølgje Norang kan det vera at så mange som rundt tusen bønder vil møta fram for å høyra og diskutera med Dale.

I invitasjonen har Rogaland bondelag lista opp nokre tema dei ønskjer å setja søkjelys på. Det dreier seg mellom anna om kva landbruksmeldinga seier om deregulering og liberalisme, om det blir prisregulering for kjøp av jord framover og om prisane på kjøp og leige av kvote er berekraftig. 

Frå nord til sør

Kor mange møte Dale skal vera med på er førebels ikkje heilt avgjort, men 21. april er det bestemt at han skal delta på folkemøte i Ørsta kulturhus i sitt eige heimfylke. 

Før den tid skal han også diskutera den nye jordbruksmeldinga på folkemøte i Bodø, Akershus og i Nord-Trøndelag. Dei fleste stadane vil også bondelagsleiaren Lars Petter Bartnes vera med. 

Vedtak til våren

Samtidig med at statsråden deltek på folkemøte, går det politiske arbeidet med jordbruksmeldinga sin gang. Innstillinga til næringskomiteen skal vera klar 7. mars. Det er venta at meldinga blir handsama i Stortinget til våren i god tid før jordbruksforhandlingane i mai. Senterpartiet er svært misnøgde, og leiaren i næringskomiteen Geir Pollestad seier til Nationen at han ikkje ser bort frå at Senterpartiet blir ståande utanfor. 

Til toppen