FOLKEMØTE: Borgund Utvikling inviterar til folkemøte for å sikre drifta av drivstoffanlegget ved Borgund Servicesenter AS. Foto: Arkiv
FOLKEMØTE: Borgund Utvikling inviterar til folkemøte for å sikre drifta av drivstoffanlegget ved Borgund Servicesenter AS. Foto: Arkiv

Folkemøte om drivstoff

Uno-X legg ned drivstoffanlegget på Borgund i Lærdal frå 1 januar 2015. Onsdag er det folkemøte for å sikre vidare drift av anlegget. 

Uno-X Diesel Service ved Borgund Servicesenter AS beslutta i mai å leggje ned det ubetjente drivstoffanlegget.

25 km til Lærdal

– Det er 25 km å køyre for å fylle i Lærdal om dette anlegget forsvinn, seier Røvik. 

Uno-X har også eit drivstoffanlegg på Haabakken, men her er det berre blank dielsel.

Håpar å overta

– Me ser på moglegheita for å overta anlegget frå Uno-X, og drive det i eigen regi, fortel Bjørn Røvik, styreleiar i Borgund Servicesenter AS, utan at han kan gå meir inn på dette før folkemøte onsdag kveld i Borgund samfunnshus. 

Borgund Servicesenter mistar inntekter frå leigaavtala og tilsynsavtala med Uno-X frå januar. For å sikre drifta vidare er det viktig å ikkje miste inntekter, og ei løysing er å investere og drifte anlegget som ein del av Borgund Servicesenter, fortel Røvik. 

Folkemøte

På folkemøtet onsdag vil Røvik informere om status og alternativ for vidare drift av drivstoffannlegget. I tillegg vil Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling informere om Lærdal Næringsutvikling sine prosjekt og moglegheiter for Borgund Servicesenter. Folkemøtet vil også opne for dialog og innspel.

Kring 600 000 kroner må til for å investere og drifte drivstoffanlegget. Oppgåva er no å på plass desse midlane. 

Panikk og hamstring

Uno-X på Borgund sel farga dielsel til landbruksføremål. Då anlegget kom på plass la dei fleste gardsbruk ned gardspumpene sine. Røvik fortel salet gjekk opp i mai, då Uno-X planla å flytte pumpa innan tre veker. Etter forhandlingar med Uno-X om mogeleg overtaking, vart ein einig om at Uno-X driftar anlegget fram til 1. januar 2015. 

Håpar folk kjem

– Dette er noko folk er opptekne av. Eg håpar me blir ein god del folk i samfunnshuset, seier Røvik. 

– Me vil ha drift. Det er ei stor gode for bygda, derfor engasjerer me oss og håpar så mange som mogeleg tek turen, seier Heine Linga, leiar i Borgund Utvikling. 

Til toppen