SKUFFA: Aud Sjøvold etterlyste ein opnare debatt rundt planprosessen - under folkemøtet om Håbakken onsdag vart folk viste til to postar dei kunne møta opp ved i pausen der dei kunne stilla spørsmål og skriva kva dei meinte var svakheiter og styrker ved regulseringsplanen på skjema. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SKUFFA: Aud Sjøvold etterlyste ein opnare debatt rundt planprosessen - under folkemøtet om Håbakken onsdag vart folk viste til to postar dei kunne møta opp ved i pausen der dei kunne stilla spørsmål og skriva kva dei meinte var svakheiter og styrker ved regulseringsplanen på skjema. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

Aud Sjøvold med fleire tykte det burde ha vore større rom for å stilla spørsmål under folkemøtet om Håbakken. Og ho lurer på kvar det vart av Simas.

Lærdal: Onsdag baud Lærdal kommune inn til folkemøte om planane på Håbakken. Kulturhuset var ganske fullt, men ikkje heilt. 

Rådmann Alf Olsen innleia med å fortelja om den politiske bakgrunnen for planarbeidet. Deretter hadde prosjektleiar Jan Petter Vadheim i Lærdal Næringsuvikling ein seanse om moglegheitsstudia som vart utarbeidd - denne skulle syna kva ein potensielt kan få til i Håbakken. 

Siste post før pause var ei detaljert innføring i planframlegga og reguleringsplanen som no ligg ute på høyring. Dette stod tidlegare byggjesakshandsamar i kommunen, Johannes Myrmel for.

Artikkelen held fram under biletet

PLANAR OG PROSJEKT: Jan Petter Vadheim fortalde om moglegheitsstudiet som var gjort for Håbakken, og om dei konkrete prosjekta som ligg på bordet.
PLANAR OG PROSJEKT: Jan Petter Vadheim fortalde om moglegheitsstudiet som var gjort for Håbakken, og om dei konkrete prosjekta som ligg på bordet.

Skal halda open kontordag

I pausen var det sett opp to postar med kart over planane i Håbakken. Dei frammøtte kunne fylla ut kva dei tykte var styrker og svakheiter ved planane som hadde vorte presenterte. Vadheim og Myrmel var disponible for spørsmål.

Fleire Porten snakka med tykte det burde ha vore tid og rom for ein open debatt, mellom andre Aud Sjøvold som risikerer å måtte flytta frå garden sin fordi Simas planlegg pelletsfabrikk der. 

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

– Kva skal ein seia - i denne delen sakna eg at folk ikkje fekk spørja om noko inne i salen. At me vart henvist ut i gangen tykte eg var litt dårleg - det same sa fleire til meg. Det var også ein del som reiste i pausen.

Rådmann Olsen streka under at det skal arrangerast ein open kontordag på rådhuset fredag 25.november der folk kan møta opp og få meir informasjon om planane.

– Denne oppmodar eg folk til å nytta seg av, sa Olsen.

Artikkelen held fram under biletet

POSTAR: I pausen kunne dei frammøtte stilla spørsmål, diskutera og koma med innspel til reguleringsplanen.
POSTAR: I pausen kunne dei frammøtte stilla spørsmål, diskutera og koma med innspel til reguleringsplanen.

– Tusen takk for at me fekk lov til å stilla spørsmål

Etter pausen fortalde Jan Petter Vadheim i ti minuttar om dei konkrete prosjekta som no ligg på bordet - flytting av Vegvesenet sin kontrollstasjon ettersom den ligg i området ein ønskjer publikumsretta aktivitet, pelletsfabrikken Simas vil byggja og flytting av Lærdal Grønt til Håbakken.

Då var det att tjue minuttar, og rådmann Olsen opna for spørsmål. Han fekk hender i vèret ganske kjapt.

I moglegheitsstudia som vart presentert først i møtet la ein opp til sokalla publikumsretta aktivitetar i det området av Håbakken som ligg nærast vegen - det vil seia sal og handel.

Anders Tønjum lurde på korleis publikumsretta aktivitetar og pelletsfabrikk går i hop:

– Eg må no først seia tusen takk for at me fekk lov å stilla spørsmål, då. Så lurer eg på kor foreinlege planane i moglegheitsstudien er med Simas sine planar? Eg ønskjer Simas velkomne, men eg trur ikkje Håbakken er rett plass. Finst det overhovud ingen andre moglegheiter?

Rådmann Olsen svarde at det ikkje var noko eintydig svar på dette, og at det kom an på kva perspektiv ein tok.

– Kommunestyret har sagt at ein vil dette, og det er vårt utgangspunkt. Så er det investorane som til slutt bestemmer om dei vil investera.

Artikkelen held fram under biletet

FOREINLEG: Anders Tønjum stilte seg undrande til at ønskjer om publikumsretta aktivitet og planar om pelletsfabrikk kan gå i hop.
FOREINLEG: Anders Tønjum stilte seg undrande til at ønskjer om publikumsretta aktivitet og planar om pelletsfabrikk kan gå i hop.

– Har de økonomisk ryggrad til dette?

Harald Midtvoll var neste som teikna seg på lista - han snakka først som styrerepresentant i Lærdal elveeigarlag og tok opp negative konsekvensar Simas-fabrikken vil kunne få for fisket.

– Realiserer de ein del av desse prosjekta, er miljøplanen til kommunen «fucked», for å bruka eit populært uttrykk, sa Midtvoll.

Han understreka deretter at han dreia meir over på sine personlege synspunkt, og lurde på kor mykje dette ville kosta for kommunen.

– De har jo ikkje all vettes med pengar i denne kommunen - har de økonomisk ryggrad til dette?

Rådmann Olsen påpeika undervegs i resonnementet at Midtvoll heldt eit politisk innlegg meir enn å stilla spørsmål. Då spørsmålet kom, svara Olsen følgjande:

– Det er eit veldig enkelt svar på det, og det er at ordren frå kommunestyret i juni var å jobba for å leggja til rette for prosjektet.

Artikkelen held fram under biletet

​EIN DEL FOLK: Ikkje heilt fullt i salen under folkemøtet om Håbakken
​EIN DEL FOLK: Ikkje heilt fullt i salen under folkemøtet om Håbakken

– Kan Lærdal kalla seg "den grøne kommune" med dette prosjektet?

Eit moment i planen er å moglegvis flytta 20 000 kubikk matjord frå Håbakken og 100 000 kubikk oppfyllingsmasse til Håbakken der pelletsfabrikken skal liggja. Brita Einemo Zwart lurde på om ein visste kva det ville kosta.

– Eg veit det er veldig dyrt å flytta matjord, sa ho.

Olsen svarde at det var mange spørsmål ein ikkje hadde svar på, og at ein måtte koma attende til desse.

Frantz Henriksen undrast over kor vidt Lærdal kunne kalla seg "den grøne kommunen" i framtida med eit prosjekt som pelletsfabrikken.

– Ein skal køyra søpla til Håbakken frå Kaupanger og tømmeret skal fraktast først i skip, deretter med trailarar opp i Håbakken. Det skulle ikkje vera så vanskeleg å lokalisera ein slik fabrikk til anten Erdal eller Revsnes.

Rådmann Olsen svara at det er opp til selskapet å avgjera kvar dei vil lokalisera seg, og at kommunen forheld seg til dette.

– Abdiserer kommunen straks eit firma vil noko?

Bente Øien Hauge tykte dette svaret synte at kommunen abdiserer straks eit firma kjem og vil noko:

– Det høyrest slik ut når du seier at ein ikkje kan sjå på til dømes Revsnes. Og, har de verkeleg tru på at dette blir bra?

– Viss me ikkje hadde hatt tru på det, hadde me ikkje jobba med det. Simas har sett på andre områder, og kome fram til at det er Håbakken som er eigna, svara Olsen.

Rolf Bjørum snakka om den store verdiskapinga Lærdalselvi har stått for opp gjennom. Han undra seg over at det berre var konsekvensutgreidd korleis trafikkstøyen ville bli, medan ein ikkje hadde utgreidd industristøyen frå pelletsfabrikken.

Johannes Myrmel svara at dette ville bli utgreidd når byggjesøknad kjem frå utbyggjar og av forureingsmyndigheitene ved konsesjonsprosess.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: – Naboane skal vera skadelause

Les også: Dette er støygrensene

– Veldig bra, det eg har høyrt i dag

Ivar Molde undra seg over at dei som bur på andre sida av elva i høve Håbakken ikkje hadde vore involverte i prosessen.

– De kan koma heim til meg og høyra støyen når septikken blir tømt i Håbakken. Me har ikkje høyrt ein grann i høve planane, og det er eg svært skuffa over.

Olsen påpeika at dette ikkje var noko spørsmål. Spørsmål hadde heller ikkje Ingebrigt Wangensteen Gjerde, men han stilte seg positiv til planane.

– Det er veldig bra, det eg har høyrt i dag - at ein får arbeidsplassar til bygda. Eg har stort sett måtte jobba utanbygds heile livet. Slikt som støy trur eg ikkje treng bli så gale.

ULIKE SYNSPUNKT: Ingebrigt Wangensteen Gjerde (t.v.) og Rolf Bjørum (nr. 4 f.v.).
ULIKE SYNSPUNKT: Ingebrigt Wangensteen Gjerde (t.v.) og Rolf Bjørum (nr. 4 f.v.).

– Heilt forferdeleg å leggja ein fabrikk midt i dalen

Aud Sjøvold seier til Porten i etterkant av møtet at ho etterlyser representantar frå Simas.  

– Eg tykte det var feigt av dei å ikkje møta på folkemøtet. Det vesle Vadheim fortalde var det me fekk vita. Mange er spente på kva som skal skje med det prosjektet, kva dei skal gjera der nede - korleis det blir med støy og slikt.

Kva tenkjer du om framtida no?

– Me kan jo bli flyktningar i eigen kommune, og det er ikkje så kjekt, akkurat. Det var jo på grunn av jordbruket eg kom til Lærdal i 1983 - først leigde eg garden, så kjøpte eg den. Og eg trivst å bu på Håbakken, det gjer dei fleste. Eg tykkjer det er heilt forferdeleg å leggja ein fabrikk midt i dalen - det skal jo vera eit samlingspunkt og ein skal satsa på turisme her. Eg lurer på kva dette blir, for det veit me jo ikkje. 

Til toppen