UVENTA: – Dette er eit sjokk, og eg oppfattar det som eit opprør, seier Morten Skarsbø, leiar av Årdal Arbeidarparti.
UVENTA: – Dette er eit sjokk, og eg oppfattar det som eit opprør, seier Morten Skarsbø, leiar av Årdal Arbeidarparti.

Folkeopprør i Årdal

Årdal Arbeidarparti er i sjokk etter denne sensasjonelle valdagen. Det store spørsmålet no, er kven som vert ordførar i den tidlegare Ap-bastionen Årdal. 

Ein skuffa og nedstemt Morten Skarsbø, leiar av Årdal Arbeidarparti, fortel om det han oppfattar som eit folkeopprør i bygda. 

– Eg er sjokka. Men me er framleis det største partiet med flest stemmer. No må me berre sjå på mogelegheitene. Sjølv om eg er usikker på kva, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

VALVAKE: Fleire av partia var samla til valvake på Utla kafè og bar måndag kveld.
VALVAKE: Fleire av partia var samla til valvake på Utla kafè og bar måndag kveld.

Arbeidarpartiet fekk flest stemmer, men det kan likevel bli Aleksander Øren Heen som tek over ordførarkjedet. Alt avhenger av dei små partia, der blant anna Miljøpartiet Dei Grøne ligg på vippen mellom kva parti dei ynskjer å slå seg saman med. 

Vinnarar

Både MDG og Venstre nådde målet med å få inn ein person i kommunestyret, og om desse, samt Høgre, går saman med Senterpartiet vil Aleksander Øren Heen bli Årdal sin neste ordførar i dette historiske valet.

Artikkelen held fram under biletet.

VINNARAR: Miljøpartiet Dei Grøne ser på seg sjølv som vinnarar av valet, sidan dei nådde sitt mål om å kome med i kommunestyret.
VINNARAR: Miljøpartiet Dei Grøne ser på seg sjølv som vinnarar av valet, sidan dei nådde sitt mål om å kome med i kommunestyret.

Miljøpartiet Dei Grøne rakk så vidt å sende inn partiliste før fristen tidlegare i år, og no står dei altså etter alt å dømme med ein person i kommunestyret. 

– Me er interessert i å få gjennomslag for vår politikk, og vil samarbeide med dei partia som vil det same, seier Sandra Opheim i MDG. 

Opheim, Tommy Hauge og Lars Kristian Fauske er alle samde om at dei kjenner seg som vinnarar av dette valet. 

Samfunn i endring

– Det er berre å ta av seg hatten for Senterpartiet og Aleksander. Dei har gjort ein kjempejobb, og det er nesten vel undt, seier Hilmar Høl.

Høl seier at dette valet var tydeleg dramatisk for Årdal Arbeidarparti, og at dei no må jobba seg opp att. Trass i at dei fekk flest stemmer, er dette ein nedgang frå forrige kommuneval på nær 30 prosent.

Aleksander Øren Heen uttalte til Porten.no tidlegare i kveld at dette er eit demokratisk val og at folk no har sagt si meining.

STORFORNØGD: Thomas Norheim Moen (t.v.) og Bjørn Havro var Årdal Senterparti sine representantar under valvaka i Øvre Årdal, sidan den unge ordførarkandidaten sjølv var i Førde for å følgje fylkestinget.

Til toppen